President for FNs miljøforsamling

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (Venstre) har no offisielt teke over vervet som president for FN si miljøforsamling.

Sist oppdatert: 12.03.2020 11.01.27

Rotevatn skal leie komiteen som førebur miljømøtet i Nairobi i 2021. 

Miljøforsamlinga er det øvste organet i FN for miljø. FN si miljøforsamling er ein av dei viktigaste møteplassane for verdas miljøministrar. Dei møtast annakvart år i Nairobi, som er hovudsete til Miljøprogrammet til FN (UNEP). Samlinga i Nairobi i februar 2021 vil være den femte i rekkja.

Publisert: 12.03.2020 11.01.27 Sist oppdatert: 12.03.2020 11.01.27