Sjef for kurs i Norec

Øystein Garfors (42) blir ny leiar for kurs i Norwegian Agency for Exchange Cooperation (Norec).

Sist oppdatert: 09.07.2019 10.06.51

Han er i dag utviklingsleiar på Flora vidaregåande skule, der han også har hatt ansvar for skulen sine internasjonale prosjekt. Garfors har sjølv vore fredskorpsdeltakar i Malawi og vore på utveksling i India som forretningsutviklar. I botn har han ein bachelor i internasjonal marknadsføring og vidareutdanning innan pedagogikk og rettleiing. Han startar i jobben som sjef for kurs 1. oktober.

Publisert: 09.07.2019 10.06.51 Sist oppdatert: 09.07.2019 10.06.51
Øystein Garfors