Kommunikasjonssjef i Norec

Cathrine Ekehaug (32) er ny kommunikasjonssjef i Norec.

Sist oppdatert: 08.07.2019 15.09.04

Ekehaug starta som kommunikasjonsrådgjevar i Fredskorpset i 2016. Før det jobba ho som frontsjef i VG, og har journalisterfaring frå studentavisa Universitas og lokalavisa Firda. Ekehaug flytta heim til Sunnfjord med familien då Fredskorpset vart flytta frå Oslo til Førde i 2018. Som kommunikasjonssjef får Ekehaug fagleg ansvar for seksjonen for kommunikasjon og nettverk. Ho er frå Bygstad i Gaular. 

Publisert: 08.07.2019 15.09.04 Sist oppdatert: 08.07.2019 15.09.04
Cathrine Ekehaug