Portrett av Josi, en mann av bakafolket i Republikken Kongo.

Josi, ein mann frå baka-folket i Republikken Kongo. Ifølge Survival International er medlemmar av Josis familie blant offera for overgrep utført av væpna vakter som høyrer til eit verneområde støtta av naturvernorganisasjonen WWF. Foto: Survival International

FN-gransking koplar WWF til overgrep i Kongo

Naturvernorganisasjonen WWF har vore med å betale for væpna økovakter i regnskogen i Republikken Kongo. Vaktene skal ha begått ei rekke overgrep mot den lokale urfolksgruppa bakaene, ifølge lekkasjar frå ei FN-gransking.

Av Kristin Straumsheim Grønli Sist oppdatert: 13.02.2020 15.32.35

I Kongobassenget finn vi den nest største regnskogen i verda, etter Amazonas i Sør-Amerika. I lang tid har WWF jobba saman med lokale myndigheiter i Republikken Kongo om å etablere eit verneområde eller ein nasjonalpark i ein del av regnskogen her, kalt Messok Dja.

Samarbeidet har mellom anna handla om å finansiere væpna parkvakter eller økovakter tilsette av kongolesiske myndigheiter, for å hindre krypskyttarar.

I det same området lever urfolksgruppa bakaene, som er jegerar og samlarar. Det har vore valdelege konfrontasjonar mellom WWF-støtta vakter og bakaene i eit tiår, ifølge Survival International, ein global organisasjon som arbeider for rettane til urfolk.

 

FN-gransking av overgrep

WWF og kongolesiske myndigheiter er ikkje dei einaste aktørane som har vore involverte. Frå 2017 tok både Det globale miljøfondet (Global Environment Facility) og FN sitt utviklingsprogram (UNDP), saman med ei rekke andre aktørar, del i eit stort samarbeidsprosjekt her. Prosjektet skulle vare i seks år, men blei stoppa etter to (sjå undersak).

UNDP sende nemleg ei gruppe granskarar til området i 2019, etter at bakaene formidla anklagar om brot på menneskerettane via Survival International i 2018.

Ein førebels versjon av rapporten frå granskinga stadfestar at ei rekke alvorlege anklagar om vald og overgrep er truverdige, melder The Guardian. Avisa har fått tak i ein kopi av rapportutkastet.

 

Traumer og lidingar

Parkvaktene skal ha brukt vald for å hindre bakaene tilgang til skogen, som urfolksgruppa er avhengig av. I tillegg til å kaste dei ut av sine eigne leveområde, skal vaktene ha behandla baka-menn som kriminelle og fengsla dei ulovleg. Frå fengsel har det kome rapportar om tortur og valdtekt.

Vaktene skal også ha brent og øydelagt eigendelar, og beslaglagt mat. Dei skal ha trua med våpen for å få baka-menn til å utøve vald mot kvarandre. Baka-kvinner skal ha blitt tvinga til å kle seg nakne.

The Guardian refererer slik frå rapportutkastet: Valden og truslane fører til traumer og lidingar i baka-samfunna. Dei hindrar også bakaene i å gå etter sitt vanlege levebrød, noko som i sin tur er med på å marginalisere dei ytterlegare og gjere dei enda fattigare.

 

Tidlegare skuldingar mot WWF

Det er ikkje første gong WWF står overfor påstandar om at deira prosjekt er kopla til vald og brot på menneskerettane. I fjor kom skuldingar om liknande forhold i fleire land i Asia og Afrika, i ein reportasje frå den globale nyheitsorganisasjonen BuzzFeed.

Sjølv då var ikkje koplinga mellom WWF og brot på menneskerettane noko nytt, ifølge professor og samfunnsgeograf Tor A. Benjaminsen ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU).

– Det er først i det siste at internasjonale medier har teke tak i dette. For oss som har følgt med ei stund, er det ei kjend sak at WWF gir støtte til skogvaktarar og viltvaktarar som bryt menneskerettane, seier han.

Benjaminsen, som i rundt 30 år har studert korleis naturvernpraksis blir utført i Afrika, utdjupa sjølv dette synspunktet i ein kronikk i Bistandsaktuelt i fjor. Der framheva han også at WWF ikkje er åleine om å finansiere brot på menneskerettane i den elles viktige kampen mot krypskyting.

 

Auka krypskyting gir militarisering av naturvern

Professoren seier det generelt har skjedd ei militarisering av naturvernet det siste tiåret. Bakgrunnen er ein auke i krypskytinga, spesielt på elefantar og nasehorn – retta mot illegale marknader i Asia, spesielt Kina. Denne militariseringa er godt skildra i forskingslitteraturen, ifølge Benjaminsen.

– Det har blitt ein ond sirkel. Mange stader i Afrika er naturvern veldig upopulært. Folk føler det er ein mekanisme for å ta frå dei jord og tilgang til ressursar. Motstanden har gjort det lettare å rekruttere krypskyttarar. Det verkar altså ikkje som militariseringa skremmer. Ein får berre meir vald på begge sider, seier han.

Benjaminsen skildrar dette som ei aukande krise for naturvernet, til tross for at ein har fått verna stadig større område, og det går relativt bra med mange dyrebestandar. Krisa ligg i konflikten med ulike lokale folk. Dette har allereie gitt tilbakeslag i form av meir vald. Det kan også kome til å gi tilbakeslag for verneområda.

– Eg trur naturvernorganisasjonar allereie har skote seg sjølve i foten mange gonger. Den lokale motstanden er såpass stor at dersom politikarar spelar på den, er risikoen at vi kan få ei nedbygging av verneområder, seier Benjaminsen.

 

WWF: – Djupt tragisk

WWF i Norge støttar ikkje nokon prosjekt som involverer vakthald av verneområde og nasjonale parkar. Difor har ingen norske bistandskroner gått via WWF Norge til prosjektet i Kongo, understrekar konstituert generalsekretær Karoline Andaur.

– Slike prosjekt er ikkje ein del av våre prioriteringar, og ikkje noko vi kjem til å prøve å skaffe midlar til, seier ho.

Andaur understrekar også at WWF internasjonalt ikkje ved noko høve skal tolerere brot på menneskerettane.

– Dersom desse skuldingane stemmer, er det djupt tragisk for dei involverte.

Andaur ber om tolmod til den endelege rapporten er klar for å få den fulle forståinga av kva WWF som organisasjon er skulda for, og ho ser sjølv fram til at den kjem.

– Eg tenker først og fremst på dei som er ramma. Det viktigaste er å få klarheit i kva som har skjedd, og sette inn tiltak for at det ikkje skal skje igjen. For oss i WWF Norge er det sjølvsagt trist å sjå at den internasjonale organisasjonen blir skulda for brot på menneskerettane. Det er mange tilsette hos oss som føler på dette no, seier ho.

 

WWF-rapport ikkje ferdig

Etter anklagane som kom for dagen via BuzzFeed i fjor, meldte WWF at det skulle bli gjennomført ei gransking av organisasjonen. Andaur opplyser at det er sett ned ei ekstern granskingsgruppe, leia av Navi Pillay, som var høgkommisær for menneskerettar i FN frå 2008-2014. Resultata frå denne granskinga er ikkje klare.

– Eg veit ikkje når rapporten blir ferdig, men WWF ventar ikkje på den før det bli sett i gong tiltak, seier Andaur.

Eitt av tiltaka som allereie er sett i gong, er å styrke opplæringa av dei som tek imot midlar frå WWF eller blir tilsette av WWF, fortel ho. Eit internt ombod skal halde auge med korleis menneskerettane blir tekne vare på i WWF sitt arbeid, og om interessene til alle aktørane i eit prosjekt blir tekne omsyn til. Nye verktøy er også på plass for å gjere det enkelt for lokalsamfunn å klage dersom det skjer overtramp.

– Vedgår WWF dermed at nokre av organisasjonen sine prosjekt har vore knytt til overgrep og brot på menneskerettane?

– Vi har ikkje alle resultat klare for dei ulike skuldingane. Likevel ser vi at våre system for å følge opp slike saker, og for korleis vi handsamar og etterforskar klagar, har vore for dårlege. Som global organisasjon har vi ikkje jobba godt nok på det feltet.

 

– Liten del av naturvernet

Andaur er ikkje einig med Benjaminsen i at militarisering har ført naturvernet inn i ei aukande krise.

– Vakthald av verneområde og nasjonale parkar er berre ein liten del av naturvernet, så den påstanden blir for generell. Benjaminsen skjer alt naturvern over éin kam og tek ikkje høgde for at det foregår mange ulike former for arbeid, seier Andaur.

Samtidig meiner ho, på lik linje med Benjaminsen, at det er nødvendig å diskutere om naturvern skal involvere vakthald eller ikkje.

– Slikt vakthald er ei utfordring nettopp fordi det er kamp om areal og ressursar, seier Andaur.

– Har du forståing for at denne typen saker gjer det nærliggande å spørre om WWF er ein god mottakar av bistandsmidlar?

– I samband med anklagane og det som no er avdekt, forventar eg at dei som gir oss midlar også krev klare svar frå WWF om korleis vi tek tak. Når det er sagt, meiner eg at vi framleis er ein god mottakar av bistandsmidlar. Her i Noreg blir vi med jamne mellomrom evaluert av Norad og tredjepartsorganisasjonar som mellom anna vurderer resultata våre. Det er ein bra mekanisme, seier Andaur.

 

Manglande samtykke

UNDP-granskarane som reiste til Kongo intervjua lokale representantar frå WWF. Desse skal ha anerkjent bevis på at økovaktene har stått bak overgrep mot bakaene, men dei referte til dette som isolerte hendingar, ifølge The Guardian.

Funna i granskinga tyder likevel på at det er snakk om eit meir gjennomgripande problem, som igjen er knytt til ei sviktande evne til å følge eigne prinsipp og retningslinjer. Ifølge den førebelse granskingsrapporten blei det i liten grad teke omsyn til effekten naturvernprosjektet ville ha på bakafolket.

Dei skal ha fått lite informasjon om at leveområda deira var i ferd med å bli naturvernområde. Aktørane som samarbeidde om dette, tok berre for gitt at prosjektet ville verke positivt både på miljø og samfunn. Risikoen ved å involvere palmeolje- og hogstindustrien i naturvernprosjektet skal heller ikkje blitt vurdert.

Ein uavhengig rapport frå Forest Peoples Programme (FFP) (lenka opnar ein pdf-fil) på oppdrag frå WWF har vurdert prosessane for innhenting av samtykke frå  lokalsamfunna i arbeidet med å etablere naturvernområde i Messok Dja. Her går det fram at WWF starta prosessen med innhenting av “fritt, føregåande og informert samtykke” først i 2017.

Innhenting av slikt samtykke starta dermed sju år etter at arbeidet med å få på plass verneområdet drog i gong – og lenge etter at kongolesiske myndigheiter samt industriaktørar var involverte. FFP-rapporten konkluderer med at WWF sin prosess rundt innhenting av samtykke har fleire alvorlege og fundamentale feil.

På same måte er ein av konklusjonane i den førebelse rapporten frå UNDP-granskinga at UNDP braut sine eigne prinsipp og retningslinjer på dette området.

 

Å gjere som ein seier

Jonathan Mazower er kommunikasjonsdirektør i Survival International, organisasjonen som formidla klagene frå baka-folket til UNDP.

– Vi har teke opp desse problema med WWF i minst 30 år. WWF har altså visst om overgrep og forfølging forårsaka av deira eigne naturvernprosjekt på landområda til urfolk minst like lenge. Kvar gong det dukkar opp ei nyheit som avslører at slike ting skjer i eitt av WWF sine prosjekt, seier dei det same: “Vi er veldig sjokkerte og vi vil undersøke kva som har skjedd”, skriv han i ein e-post til Bistandsaktuelt.

Tor A. Benjaminsen ved NMBU understrekar at det ofte er eit stort gap mellom retorikk og praksis på dette feltet.

– Ein seier gjerne at denne typen naturvern både vil kome natur, dyreliv og lokale folk til gode. I praksis blir det gjerne dei lokale som betaler. Dei mistar tilgang på sine ressursar utan å bli kompensert, og dei mistar heile eller delar av levebrødet sitt, seier han.

– Løysinga her er vel kanskje at WWF og andre aktørar gjer meir av det som står i deira eigne retningslinjer, seier Benjaminsen.

Messok Dja

Dette er rundt 1500 kvadratkilometer med tett regnskog nordvest i Republikken Kongo (landet er også omtala som Kongo-Brazzaville). WWF har i mange år jobba for å få kongolesiske myndigheiter til å etablere Messok Dja National Park her. Dette arbeidet har vore kontroversielt.

Bakaene

Dei er kjende som eit skogfolk, fordi dei bur i regnskogen i Gabon, Republikken Kongo og Kamerun. Dei er jegerar og samlarar. Dei er også kjende for å vere korte, og blir kalla pygméar sjølv om dei helst vil at folk skal bruke stammenamna deira. Ifølge WWF er det rundt 8000 innbyggarar i Messok Dja, og rundt 300 er baka.

Det globale miljøfondet

Global Environment Facility (GEF) er det største miljøfondet i verda, og støtta av mange land – inkludert Noreg. Fondet delfinansierer ulike typar miljøprosjekt, og brukar ulike organisasjonar som sin operasjonelle arm – inkludert UNDP og WWF.

Professor Tor A. Benjaminsen ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU).

Konstituert generalsekretær Karoline Andaur i WWF Norge.

Det drives hogst i området der bakaene tradisjonelt har levd. Foto: Survival International

Stort naturvernprosjekt stoppa etter anklager

FN sitt utviklingsprogram (UNDP) stoppa eit stort samarbeidsprosjekt om naturvern i Kongobassenget i mars 2019, etter ei tidleg vurdering av anklagane om overgrep mot lokal urfolksgruppe. UNDP og andre samarbeidspartnarar får omfattande bistandsmidlar frå Noreg.

Lenge før UNDP si eiga gransking var ferdig, blei prosjektet Integrated and Transboundary Conservation of Biodiversity in the Basins of the Republic of Congo stoppa. Bakgrunnen var klagar som i 2018 blei sendt frå baka-folket via organisasjonen Survival International.

2017 var oppstartåret for prosjektet, og finansieringa gjekk gjennom Det globale miljøfondet (GEF). Prosjektet skulle etter planen avsluttast i 2023.

 

Satte på bremsene

UNDP hadde i 2015 oppretta Social and Environmental Compliance Unit (SECU), for å sikre at prosjekta dei er ansvarlege for følgjer sosiale og miljømessige standardar. Denne eininga har sidan oktober 2018 etterforska det omtalte prosjektet. I 2019 blei ei granskingsgruppe frå UNDP sendt til Kongo for å undersøke kva som låg bak klagene.

Allereie i mars 2019 blei det prosjektstopp, fordi UNDP sette bremsene på. Saman med miljøverndepartementet i Republikken Kongo og WWF regionalt hadde UNDP ansvaret for gjennomføringa av prosjektet.

Bakgrunnen for å stoppe prosjektet er komen fram i lekkasjar frå ein førebels versjon av UNDP sin granskingsrapport, som avisa The Guardian har omtalt.

 

TRIDOM

Det aktuelle prosjektet blir også kalla TRIDOM-prosjektet. Fleire andre prosjekt har blitt kalla det same. TRIDOM er nemleg ei forkorting for Tri-National Dja-Odzala-Minkébé – eit skogsområde på rundt 178 000 kvadratkilometer eller opp mot 10 prosent av Kongobassenget. Området ligg i tre forskjellige land: Republikken Kongo, Kamerun og Gabon.

Blant ulike TRIDOM-prosjekt som har gått føre seg i området kan vi nemne eit tidlegare GEF-prosjekt (GEF TRIDOM 2008-2015) og prosjektet WWF Espace TRIDOM inter-zone Congo (ETIC) – eit samarbeid mellom WWF og kongolesiske myndigheiter som blei inngått i 2005. Begge desse tidlegare prosjekta involverte vakthald av verna skog.

TRIDOM-prosjektet som no er stoppa omfatta 12 ulike verneområde i dei tre landa, inkludert den foreslåtte nasjonalparken Messok Dja i Kongo. Det er ikkje klart kva som er bakgrunnen for at heile prosjektet er stoppa, og ikkje berre den delen som handlar om Messok Dja.

 

Norske midlar til UNDP og GEF

Totalt skulle prosjektet ha ei kostnadsramme på 23,8 millionar amerikanske dollar, eller rundt 230 millionar norske kroner, og ei rekke ulike aktørar var involverte (sjå faktaboks).

Noreg er ein stor bidragsytar til UNDP. Kontorsjef Eirik Talleraas ved det nordiske representasjonskontoret for UNDP opplyser at norske midlar ikkje gjekk direkte inn via UNDP, men indirekte frå organisasjonen sine kjernemidlar.

– Éin million dollar i UNDP-kjernemidlar inngjekk i prosjektet. Rundt 50 land bidreg med kjernemidlar til UNDP. Foreløpige 2019-tal viser at Noreg er femte største bidragsytar, skriv han i ein e-post til Bistandsaktuelt.

Kjernebidraget frå Noreg til UNDP i 2020 er på 615 millionar kroner, ifølge UNDP Norge. I tillegg får organisasjonen enda mykje meir øyremerka midlar frå Noreg. I 2018 var denne summen 2,2 milliardar kroner – til UNDP og Muti-Partner Trust Office som er husa av UNDP.

Noreg er også eitt av mange land som støttar GEF, eit bidrag som utgjer to prosent av GEF-budsjettet, opplyser Norads kommunikasjonsavdeling.

Støtten blir igjen kanalisert gjennom 18 organisasjonar som gjennomfører fleire tusen prosjekt. Norske bistandspengar har ikkje vore direkte kanalisert til det omtalte prosjektet, men indirekte via UNDP og GEF, opplyser Norad.

 

- Kan få konsekvensar

Norge støttar WWF USA direkte med pengar frå Klima- og miljødepartementet. WWF i Noreg får pengar frå Utanriksdepartementet, via Norad. Organisasjonen har for 2020 budsjettert med å få nesten 113 millionar kroner over det norske bistandsbudsjettet, opplyser Karoline Andaur, konstituert generalsekretær i WWF i Noreg. Ingen av desse midlane skal vere involvert i det omtalte prosjektet i Republikken Kongo.

Norad svarer ikkje direkte på om saka vil føre til ei ny vurdering av om WWF er ein god mottakar av bistandspengar, men Bistandsaktuelt får per e-post tilsendt eit sitat frå Wenche Fone, som leier Norad si avdeling for sivilt samfunn.

– Norad gjer alltid grundige kvalitetsvurderingar av våre partnerar – både før, under og etter at vi inngår avtalar. Når vanskelege saker som dette kjem opp, vil vi alltid be om ei utgreiing eller meir informasjon. Det har vi også gjort i denne saka, og vi ventar på ytterlegare informasjon frå UNDP og WWF i Kongo. Det er viktig for Norad å få belyst heile saka, og vi tek sjølvsagt dette på alvor. I nokre tilfelle kan slike saker få konsekvensar for vidare støtte til organisasjonen det gjeld, uttaler ho.

Partnerane i det stoppa TRIDOM-prosjektet

Prosjektfinansieringa:

GEF Trust Fund: 3,12 mill USD

UNDP TRAC-midlar: 1 mill USD

Styresmaktene i Kongo: 6,52 mill USD

Congo Conservation Company: 4,36 mill USD

Eco Oil Energie SA: 2,15 mill USD

Wildlife Conservation Society: 1,25 mill USD

Forest Industry of Ouesso: 1,25 mill USD

WWF gjennom ETIC-programmet: 4,15 mill USD

Totalt: 23,8 mill USD

Kjelde: Prosjektdokument hos GEF (lenka åpnar ein pdf-fil).

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 13.02.2020 15.32.35 Sist oppdatert: 13.02.2020 15.32.35