DEDICATION, CUSTOMS, EMPOWERMENT, NAIROBI, HEROES, PATRIARCHY, FEMALE GENITAL MUTILATION, FGM, RITES OF PASSAGE, WOMEN, GENDER, AFRICAN, GIRLS, KENYAN

Ei gruppe maasai-tenåringar førebur seg på ei ny, alternativ seremoni for å markere at dei er blitt vaksne. I denne seremonien unngår dei kjønnslemlesting. Foto: NTB scanpix

WHO-studie: Omskjering kostar land dyrt

Kjønnslemlesting av kvinner kostar verda 1,4 milliardar dollar i året. – Dette er berre toppen av isfjellet, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF).

Av Maria Lavik Sist oppdatert: 07.02.2020 12.27.13

For første gong har Verdas helseorganisasjon WHO rekna på kostnaden av at kvinners underliv blir lemlesta. I ei fersk studie anslår WHO at helsebehandling av komplikasjonar som omskjering fører til, kostar 1,4 milliardar dollar i året.

– Dette er berre er toppen av isfjellet. Tenk kva økonomisk vekst desse kvinnene kunne ha bidrege til om dei ikkje var omskorne, sa utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) under eit seminar på Norad torsdag.

Seminaret markerte den internasjonale dagen mot kjønnslemlesting 6. februar.

I verda i dag lever rundt 200 millionar kvinner og jenter som har blitt kjønnslemlesta. Inngrepet blir oftast gjort av folk utan helseutdanning, der målet er å halda jentene ”reine” fram til ekteskapet. Lemlestinga varierer i omfang, frå å fjerna delar av klitoris, til å sy igjen labia for å lukka skjedeinngangen. 

WHO har no utvikla eit interaktivt verktøy kalla ”The FGM Cost Calculator”. Kalkulatoren reknar ut noverande og framtidige helsekostnader etter omskjering for kvart enkelt land. Utrekninga viser at om omskjering av kvinner blir avskaffa, vil desse helsekostnadane bli redusert med 60 prosent innan 2050.

Befolkningsveksten er sterk i landa der omskjering er utbreidd. Derfor fryktar WHO at talet på jenter og kvinner som blir omskorne, kjem til å auke betydeleg dei neste åra, om ingenting blir gjort.

 

Tre våpen

– Foreldra kutter i jentene fordi dei trur det vil trygge framtida deira, seier programdirektør Jacinta Muteshi ved Befolkningsrådet, ein ikkje-statleg organisasjon som driv forsking innan folkehelse.

Befolkningsrådet har samanstilt forsking frå sju land der omskjering er utbreidd. Frå denne forskinga kan Muteshi presentera tre viktige våpen i kampen mot omskjering:

Helsevesenet

Oppbygging av eit godt helsevesen styrker kvinners helse og kan spreie informasjon om kjønnslemlesting. Muteshi ser på helsevesenet som den mest kraftfulle måten å påverka praksisen med omskjering. Samstundes peikar ho på ei mørk bakside: såkalla medikalisering av omskjering, der helsepersonell endar opp med å utføra inngrepet. Dette skjer mellom anna i Egypt.

 

Kriminalisering

I fleire land presser grasrotaktivistar på for å få omskjering forbode. Praksisen er forbode i mellom anna Kenya, Burkina Faso og Etiopia, og sistnemnde har eit ambisiøst mål om å avskaffa omskjering innan 2025. Muteshi i Befolkningsrådet seier at lovverket er eit viktig grunnlag i kampen mot omskjering, men at det ”ikkje er tilstrekkeleg”. Ho peikar på at landa ofte manglar kapasitet til å handheva lovene, og at politimenn og -kvinner er påverka av dei lokale kulturelle normene. I tillegg er det er fare for at kriminalisering fører til at omskjering skjer meir i det skjulte.

 

Religiøse leiarar

Religion speler ei stor rolle i alle landa der omskjering er utbreidd. Lokale religiøse leiar har moralsk autoritet og forvaltar den sosiale kapitalen. Dermed

kan religiøse leiarar starta samtalar om omskjering på lokalt nivå.

 

Brukar Bibel-sitat

– Ofte ser me på religion som årsak til problem, og ofte er det sant. Men nokon gongar er religion ein del av løysinga. I sekulære samfunn blir ofte religion ignorert på grunn av kunnskapsmangel, og stundom fordommar.

Det sa Dagfinn Høybråten i Kirkens Nødhjelp under seminaret. Organisasjonen har lenge jobba mot omskjering i Etiopia, og samarbeider med både kristne og muslimske religiøse leiarar. I landet er 65 prosent av kvinner mellom 15 og 49 år omskorne, men talet skjuler store geografiske skilnader.

Høybråten fortalde om eit besøk i høglandet i Etiopia der han møtte lokale prestar. Ei av oppgåvene deira er å besøka familiar når eit barn er fødd. Under slike besøk fortel prestane at omskjering er ei synd.

Halvparten av folket i Etiopia tilhøyrar den Den etiopisk-ortodokse kyrkje, som blir leia av patriarken med sete i hovudstaden Addis Abeba. Yilikal Shiferaw jobbar for kyrkjas kommisjon for utvikling og bistand. Han fortalde at dei har utarbeidd eit eiga dokument som viser kva bibelen seier om omskjering.

 

Bibelen støttar ikkje skikken

– Den etiopiske ortodokse kyrkja har ein halv million prestar som kan påverka haldningane til omskjering på ein positiv måte, om dei får kunnskap om kva som står i Bibelen. For Bibelen støttar ikkje omskjering. Den kjem av lokale kulturelle skikkar.

Omskjering har heller ikkje støtte i islam, sa Caroline Waruguru Mwai, ansvarleg for kjønnslemlesting og kjønnsbasert vold i Somalia for Kirkens Nødhjelp. I Somalia er rundt 98 prosent av alle kvinner omskore.  

– Det går sakte framover. Me ser ei endring frå dei verste formene av omskjering til mildare typane. Det er ikkje endeleg mål, men det er med å få folk til å vende seg mot omskjering.

 

Intimkirurgi eller lemlesting?

Jacinta Muteshi ved Befolkningsrådet fortel Bistandsaktuelt at ho fekk sin feministiske oppvakning i grasrotarbeid og diskusjonsgrupper. Ho ser på omskjering som ein større del av politikken rundt kvinners kroppar. Her slepp hennar medsøstre i Vesten heller ikkje unna.

– Me har kvinner frå Vesten som også endrar på sine kroppar. Kvifor gjer dei det? Kva ligg bak dette? Alle kvinner treng å ha denne samtalen.

Ho peikar på at mange vestlege kvinner vel å endre på kroppane sine, inkludert underlivet. Søker du på ”intimkirurgi” på Google, dukkar det opp eit titals annonsar frå private klinikkar som lovar å ”forbetra” utsjånaden på kjønnsorgana.

– Det handlar ikkje berre om Afrika. Det er ei større forteljing om at kroppen du er fødd med, ikkje er fin.

– Foreldra kutter i jentene fordi dei trur det vil trygge framtida deira, seier programdirektør Jacinta Muteshi ved Befolkningsrådet, ein ikkje-statleg organisasjon som driv forsking innan folkehelse. Foto: Maria Lavik

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 07.02.2020 12.27.13 Sist oppdatert: 07.02.2020 12.27.13