Det er ei større erkjenning av at det er ressursane til kvart enkelt land som er grunnlaget for utvikling. Skatteinntekter er viktige for både utvikling og demokrati. Foto: Marte Lid.

Skatt er medisinen for land som har rusa seg på bistand

Skatt er nøkkelen for å gjera fattige land mindre avhengige av bistand. No pustar Norad nytt liv i Skatt for utvikling-programmet.

Av Maria Lavik Sist oppdatert: 09.12.2019 07.46.12

Bistandsbransjen er kanskje den einaste industrien i verda som har som mål å avvikla seg sjølv. For bistanden kjem som eit svar på akutte og systemiske kriser der nasjonalstatane ikkje klarar å sikra innbyggarane gode og trygge liv. Målet er at statane på sikt skal klare å gjera denne jobben sjølv.

I 2018 gav OECD-landa til saman 153 milliardar dollar i bistand. Det tilsvarar omtrent eit norsk statsbudsjett. Medan dei fleste landa har blitt mykje mindre bistandsavhengige dei siste 20 åra, er det framleis nokre fattige og sårbare land som heng etter. Spørsmålet er: Korleis kan land bli mindre avhengige bistand?

 

– Viktig verkemiddel

Bistandsaktuelt har snakka med tre norske ekspertar. Alle trekker fram skatt som sentralt for å gjera landa mindre bistandsavhengige.  

– Det er blitt ei større erkjenning av at bistand har sine avgrensingar. Det er ressursane til kvart enkelt land som er grunnlaget for utvikling. Skatteinntekter er sjølve fundamentet for både utvikling og demokrati, seier Trond Augdal, seniorrådgjevar i Norad.

I internasjonal utviklingsdebatt er det no eit mykje skarpare fokus på at utviklingsland, også i Afrika, sjølv må bidra med ein større del av finansieringa av utvikling, som til dømes helse og utdanning.

Hvis Tanzania klarer å auka skatteinntektene med kun to prosent vil det gi landet ni milliardar kroner ekstra. Bildet er fra eit møte i skatteetaten i Tanzania. Foto: Marte Lid

Milliardar å henta

Augdal peikar på at skatt både globalt og regionalt i utviklingsregioner er ei mykje større inntektskjelde enn bistand. Dessutan har skatt eit demokratisk potensial i at inntektene blir fordelt gjennom parlamentas diskusjonar og vedtak om årlege budsjett.

Det er noko av bakgrunnen for Norad-programmet Skatt for utvikling som har som mål å styrka utviklingsland sine skattesystem.

– Tilsette frå Skatteetaten i Norge jobbar skulder til skulder saman med skattemyndighetene i andre land. Byråkratane gjev råd i konkrete casar. Me fokuserer i første rekke på dei største skattebetalarane – store selskap og rike individ. Men det er også viktig å utvida talet på personar og selskap som betalar skatt, seier Augdal.

I ein tidlegare fase vart norsk skattebistand i hovudsak kanalisert via bilaterale program i Zambia, Tanzania og Mosambik.

– Me har i dei siste månadane revitalisert Skatt for utvikling. Den siste tida er Rwanda blitt med i programmet, og Nepal har nyleg fått klarsignal for å bli med. Målet i framtida er å utvida til 4-5 nye land, seier Augdal.

 

Ber verda målretta bistanden

Utviklingsland har eit stort potensial i å henta inn meir i skatt for å kunne sette enda sterkare fart i eigen utvikling, påpeiker Augdal. Han tek Rwanda og Tanzania som eksempel.

– Det er snakk om at desse to lande kan auka skatteinntektene tilsvarande 2 til 4 prosent av BNP. Det kan gjerast berre ved å betra administrasjonen og utan å endra skattesatsane, seier Trond Augdal.

Eit enkelt reknestykke viser at det moderate anslaget – 2 prosent av BNP – kan gje mykje klingande mynt i statskassa. For Tanzania sin del kan ein slik auke i skatteinntektene bety over 9 milliardar kroner ekstra, for Rwanda nesten 2 milliardar kroner.

Det same er bodskapen i eit notat frå Overseas Development Institute (ODI). Den britiske, uavhengige tenketanken ser på korleis verda kan få slutt på ekstrem fattigdom.

Skatt er nøkkelen for å avskaffa ekstrem fattigdom, skriv tenketanken. Dei viser til at ekstrem fattigdom kan bli avskaffa om land investerer i menneskeleg utvikling - utdanning, helse, ernæring og sosial beskyttelse. Flesteparten av landa kan klara dette om dei maksimerer skattlegginga og bruker 50 prosent av statsbudsjetta på menneskeleg utvikling.

 

46 økonomisk sårbare land

46 land er så fattige at dei ikkje vil klara å avskaffa ekstrem fattigdom på eiga hand. Dei vil framleis vera avhengige av rundt 110 milliardar dollar i året i bistand utanfrå. Samstundes kan desse landa også makte å auka eigne skatteinntekter for å få inn eit tilsvarende beløp, fastslår ODI.

Mange land er i dag langt unna målsetjinga om å bruka 50 prosent av statsbudsjetta på menneskeleg utvikling. Tek du ein titt på statsbudsjettet til Rwanda for 2019/2020, ser du at berre 22 prosent av budsjettet går til helse, utdanning og sosial beskyttelse. Likevel blir dette landet ofte framheva som eit føregangsland innan utviklingspolitikk.

Trond Augdal i Norad peiker på at land som Tanzania og Rwanda er blitt mindre avhengige av bistand dei siste ti åra. Det er bra for landas evne til sjølv å prioritere eigne ressursar, samstundes som bistandsgivarane får mindre kontroll over kva pengane blir brukt til.

– Eg skal vera forsiktig med å seia kva landa bør bruka pengar på. Landa må sjølve ta ansvar for eiga utvikling, og då må dei nødvendigvis kunna gjera nokon feil på vegen, seier han.

Norske fagrådgivere fra ulike statlige etater bidrar med kurs og rådgivning overfor skatteetater i afrikanske land. På bildet: internasjonal direktør Fredrik Aksnes i Skatteetaten og seniorrådgiver Torill-Iren Pedersen i Norad under et møte med Ghanas skatteetat. Foto: Skatteetaten

 

Slange i paradis

– Skal du bygga eit berekraftig samfunn, så må du ha tillit i botn. Då må folk sjå at dei rikaste og dei multinasjonale selskapa betalar inn til felleskassa, seier Sigrid Klæboe Jacobsen i Tax Justice Network.

Ho applauderer jobben Skatt for utvikling gjer for å styrka skatteadministrasjonen i utviklingsland. Men ho peiker på eit enormt hinder utanfor landegrensene deira: skatteparadis som Bermuda, Luxembourg og Caymanøyane.

– Mykje skatt forsvinn til skatteparadis. Ein reknar med at rundt 30 prosent av afrikanarar sine private formuar forsvinn til slike land. Det er snakk om 5000 milliardar kroner som heller kunne ha finansiert arbeidsplassar og velferdstenester. I tillegg bruker multinasjonale selskap kreative metodar for å kanalisera overskotet til skatteparadis.

Eit aktuelt døme er stormen rundt DNB sin bruk av skatteparadis. Ei lekkasje frå Wikileaks viser at den islandske fiskerigiganten Samherji skal ha sendt bestikkingar til offentlege tenestemenn i Namibia i byte for fiskekvotar. Islendingane skal ha brukt den norske banken til å senda pengane gjennom skatteparadis.

Viser skuldingane seg å halda vatn, blir det nok eit døme på afrikanske ressursar som ikkje kjem folk til gode, sett vekk frå eit par, korrupte personar med makt.

 

– La FN ta jobben!

Sigrid Klæboe Jacobsen meiner utviklingsland må få sitja rundt bordet når internasjonale skattereglar skal lagast.

– I praksis er det i dag OECD som har fått det mandatet. Dei har mykje kompetanse, men dei er ikkje representative. Me kjempar for at FN skal bli det rette forumet for å laga internasjonale skattereglar.  

– Korrupsjon er eit stort problem i mange land i Afrika. Er det noko vits i å jobba for at land skal få inn meir skatt om pengane ender opp i politikarane sine lommer?

– Det blir ein høna og egget-diskusjon, for kva kom eigentleg først – av korrupsjon og kapitalflukt? Skatteparadisa gjer korrupsjon mogeleg. Hadde det ikkje vore for skatteparadis, hadde det ikkje vore lett å gøyma unna pengar, seier Jacobsen.

Politisk sprengstoff

Internasjonalt veks motstanden mot at store multinasjonale selskap som Facebook og Google skal få sleppa unna skatterekninga. Det gjer at Klæboe Jacobsen ser håp i kampen mot skatteflukt.

– Ein viktig milepæl er at det no er anerkjent at selskap bør offentleggjera kva dei tener og betalar i skatt for kvart land dei opererer i. Det var utenkeleg for berre fem år sidan.

Ho ser at spesielt EU no går foran i arbeidet for meir finansiell openheit. Det kan koma utviklingslanda til gode.

– EU er med å radikalisera OECD. Den jobben dei gjer for opne selskapsregister, der alle selskap må offentleggjera eigarane sine, vil sikra at slik informasjon også blir tilgjengeleg for utviklingsland.

 

Ikke-progressive avgifter

Ho åtvarar mot dei politiske konsekvensane ved skatteflukt.

– Når land ikkje klarer å få inn skatt frå multinasjonale selskap, så blir strategien å auka skatten på lokalt næringsliv og å ta inn meir i avgifter, som til dømes moms. Moms er ei regressiv avgift, der fattige betalar ei større del av inntektene sine enn rike.

I haust har verda sett fleire demonstrasjonar som starta med slike regressive avgifter. I Libanon la forslaget om ei WhatsApp-avgift grunnlaget for landsomfattande demonstrasjonar, medan auka kollektivprisar starta valdelege opptøyar i Chile.  

– Når folk ser elitane og store selskap byggar opp formuar, medan livet blir tøffare og dei offentlege tenestene dårlegare, då er det forståeleg at det kjem sterke reaksjonar, seier Klæboe Jacobsen.

 

Bistand mindre viktig

Morten Bøås, seniorforskar ved Nupi, er einig i at skatt er sentralt for å gjera utviklingslanda mindre avhengige av bistand.

– Ein enkel måte å henta inn inntekter på, er via toll og tariffar. Å legga skatt på eksport og import er enkelt, men sårbart. Inntektene fluktuerer i takt med råvareprisane. Meir avansert skatteinnkrevjing fordrar ein betre utbygd administrasjon.

Nupi-forskaren understrekar samstundes at tradisjonell bistand er i ferd med å få ei langt mindre rolle for mange utviklingsland.

– Overføringar frå bistand blir stadig mindre samanlikna med andre type overføringar. Investeringar og overføringar frå diaspora-miljø blir viktigare. På sikt kjem me til å sjå at den tradisjonelle bistanden vil vera mindre viktig og dermed mindre knytt opp til politisk påverknad frå givarlanda. Det tenker eg er ein bra ting. Bistand burde hjelpa landa til å koma over ei kneik, den er ikkje meint til å vara evig.

 

– Kunstig åndedrett

Bøås har spesialisert seg på dei mest sårbare landa i Afrika. Han meiner at bistand framleis kjem til å vera viktig i mange slike land.

– Men det er ei fare for at me hektar desse landa på eit internasjonalt kunstig åndedrett. Me hindrar total kollaps, men me kan skapa ein type «franchise statsmodell» der sentrale statssektorar som sikkerheit, justis og helse er sett ut til eksterne aktørar. Her er langsiktig skattebistand viktig. Desse landa treng å bygga opp ein statsadministrasjon, seier Bøås. 

Trond Augdal, seniorrådgjevar i Norad.

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.

Er mer skatt løsningen?

Kan afrikanske land bidra med mer av egne inntekter for å skape utvikling og bekjempe fattigdom? Våre korrespondenter har spurt lokale eksperter i fire land. 

Av Lucy Kassa, Deusdedit Ruhangariyo, Kizito Makoye og Raphael Mweninguwe

 

Etiopia 

– I dag er hoveddelen av afrikanske lands økonomiske aktivitet uten beskatning. Det bør gjennomføres reformer med sikte på økte skatteinntekter. Også uformell sektor bør inkluderes.

Zerihun Birhane, assisterende professor i Afrika-studier ved Addis Abeba-universitetet

 

– Økonomien i landet har potensial til å generere mer inntekter til egen utvikling. Vi har allerede klart å øke inntektene våre ved hjelp av bedre håndheving av lovverket og holdnigskampanjer.

Adanech Abbie, minister i Skattedepartementet

 

– Det er en rekke ting vi med fordel kunne restrukturere. Vi har ikke noe skikkelig skattesystem, institusjoner, kontrollmekanismer, godt styresett, politiske planer eller reguleringer.

Gethaun Fanta, leder av Afrika-studier ved Addis Abeba-universitetet

 

– Også bistanden bør innrettes mer mot å øke lokale inntekter. Den bør støtte opp om skattereform og måter å få inn skatt raskere og mer effektivt, herunder infrastruktur og oppbygging av lokal faglig ekspertise.

Getachew Alemu, makroøkonom

 

Uganda

Regjeringen bør beskatte avhengighetsskapende varer som alkohol, tobakk og sukker, inkludert all sukkerholdig drikke. Dette er varer som alle bruker, men som er skadelige for folks helse. Du vil også spare helseutgifter ved at folk blir mindre syke. Dette er å treffe to fugler med en stein; du øker statens inntekter og reduserer helseskader og helsekostnader på samme tid.

Apollo Mbabazi, spesialist i offentlig helse og foreleser ved Bishop Stuart University i Mbarara

 

– Afrikanske regjeringer kan skaffe seg ganske mye inntekt gjennom et sterkere personskattsystem, samt å gjøre mer for å motvirke skatteunndragelser i næringslivet. Mange afrikanske regjeringer har også romslige ordninger for perioder med skattefritak. Noe av det verste er at politiske bakmenn og kontakter ofte får personlige fordeler og skattefritak. Slike ordninger ødelegger afrikansk økonomi.

Emmanuel Ngabirano, leder for kunnskaputvikling i Transcultural and Psychosocial Organisation (TPO Uganda)

 

Tanzania

– Økonomisk vekst er ikke nok. Mange mennesker har ikke jobber. Hva betyr en vekst på 7 prosent for dem når de ikke vet hvordan de skal få seg sitt neste måltid? Det å skape flere jobbmuligheter vil få dem til å tjene en brukbar inntekt. Selv ufaglærte arbeidere kan læres opp i grunnleggende ferdigheter som vil gjøre dem brukbare på arbeidsmarkedet.

Revocatus Kabobe, statsviter og forsker ved University of Dar es Salaam

 

– Regjeringens nye skatteframstøt har bidratt til omstilling i økonomien med økende egeninntekter og mindre avhengighet av bistand. Det er viktig for den langsiktige bærekraften i økonomien og gir penger til å lindre folks fattigdom og bedre det offentlige tjenestetilbudet.

Blandina Kilama, økonom i tenketanken Research on Poverty Alleviation

 

Copyright © Norad, tlf. 22242040

Honest Ngowi, professor i økonomi ved Mzumbe University, Tanzania.

Foto: Gunnar Zachrisen

– Når velstand blir konsentrert på få hender, blir det også svak etterspørsel etter varer og tjenester med katastrofale følger for jobber og økonomisk vekst. Den beste måten å redusere fattigdom på er å skape godt betalte jobber. Regjeringen bør investere i strategier for jobbskaping, slik som ny infrastruktur og andre fornuftige tiltak.

Honest Ngowi, professor i økonomi ved Mzumbe University, Tanzania

 

Malawi

- Når både helse- og utdanningssystemer er i dyp krise, er det uheldig at regjeringen bruker 2,2 millioner dollar av offentlige penger på å bygge fotballstadioner for private klubber, noe som den ikke har mandat til.

Henry Kachaje, økonom

 

- Å utvide skattegrunnlaget er i prinsippet bra, men hva skal vi beskatte? For tida er de fleste malawiere arbeidsledige eller jobber i uformell sektor, som er vanskelig å beskatte. Så det å øke skattene vil si å beskatte de samme folkene, noe som trolig vil føre til kreativitet i å unndra seg beskatning. Den omfattende korrupsjonen bidrar også til at folk er lite villige til å betale skatt.

Alick Nyasulu, økonom fra Lilongwe

Publisert: 09.12.2019 07.46.00 Sist oppdatert: 09.12.2019 07.46.12