:rel:d:bm:GF2E81U11ME02

Oljeleiting i det vestlege Uganda har ført til store funn av olje. Foto: NTB scanpix

Sivile organisasjoner: Norsk bistand vil auka utvinning av olje og gass

Aktivistar frå 25 land har besøkt Noreg for å læra om det norske oljeeventyret. Fleire av dei trur programmet Olje for utvikling vil bidra til auka utvinning av olje og gass.

Av Maria Lavik Sist oppdatert: 16.12.2019 12.19.32

– Me veit at olja er der. Men me veit ikkje nok om prosessen med å henta den opp. Me manglar kapasitet, seier Barbara Nambi i Transparency International Uganda.

Ho er ein av 25 representantar frå sivilsamfunn som får støtte av programmet Olje for utvikling. Ho deltok nyleg på eit to vekers kurs om norsk petroleumsforvaltning.

Hjelp med forvaltning

Olje for utvikling (Ofu) bruker norske erfaringar for å hjelpa andre land med å forvalta olje- og gassressursar på ein forsvarleg måte. I år har programmet 14 samarbeidsland og eit budsjett på omtrent 300 millionar kroner.

Barbara Nambi fortel at Uganda er ein ung oljenasjon. Landet manglar infrastruktur for å utnytta olja. Olje for Utvikling har mellom anna støtta myndigheitene i å utvikla reguleringar for den planlagde oljeleidninga EACOP som skal gå 1445 kilometer frå Hoima i Uganda til Tanga på kysten av Tanzania.

 

Trur på meir produksjon

Barbara Nambi trur at Ofu-programmet vil gjera det mogeleg for utviklingsland å henta ut meir olje- og gass-ressursar. Ho får støtte av Camilo Nhancale frå Mosambik.

– Dette programmet vil setja fleire land i stand til å henta ut meir fossile ressursar, seier Nhancale, som representerer Youth Development and Environmental Advocacy.

Han legg til at Ofu også er med på å gje sivilsamfunn innsikt i heile den fossile verdikjeda.

– Me jobbar med å påverka beslutningstakarar, men me manglar ofte grunnleggande kunnskap om industrien.

Nhancale trekker spesielt fram OilSim-kurset som deltakarane fekk ei innføring i. OilSim er utvikla av selskapet Next og er ein læringssimulator som tek deltakarane med på heile prosessen frå leiting til produksjon.

– Me har lært om dei komplekse geografiske laga der ein finn olje og gass, og me har lært om investeringar og om risikoanalyse.

Hovudarbeidet til Olje for Utvikling går ut på at norske byråkratar hjelper kollegaer i samarbeidslanda med råd og opplæring. I tillegg støttar OfU sivilsamfunnet i landa, med mål om at dei skal stilla styresmaktene til ansvar. Det er i samband med dette at Ofu inviterte 25 deltakarar frå sivilsamfunn til eit to vekers kurs i Oslo og Stavanger.

 

Teknologi skapar optimisme

Men olje- og gassproduksjon er eit kontroversielt politisk tema. I forrige veka skulle verdsleiarar koma med tiltak for at verda skal nå måla i Parisavtalen, under klimatoppmøtet i Madrid.

I september kom rapporten ”The Production Gap” som viser at verda planlegg å produsera meir enn dobbelt så mykje fossil energi innan 2030 enn det er rom for om me skal nå 1,5-gradsmålet.

  • Rapporten som vart lagt fram av FNs miljøpanel kan du lesa her

Camilo Nhancale frå Mosambik legg vekt på at Norge har ein teknologi som gjer at utvinninga av olje og gass har mindre utslepp. Foto: Maria Lavik

Bistandsaktuelt har spurd tre av deltakarane på Ofu-kurset om rike land som Noreg bør la olja ligga av klimaomsyn, og heller la utviklingsland få utnytta sine fossile ressursar. Alle tre er skeptiske til ei slik tilnærming.

– På dette kurset har eg lært at Noreg har mekanismar som kuttar utsleppa ved oljeproduksjon, seier Barbara Nambi frå Uganda.

Camilo Nhancale frå Mosambik legg vekt på det same: at Norge har ein teknologi som gjer at utvinninga av olje og gass har mindre utslepp.

– Denne teknologien er viktig å overføra til utviklingsland.

Mosambik er den største mottakaren av Ofu-midlar, og fekk i 2018 34 millionar kroner. Landet har dei tredje største gass-reservane i Afrika. OfU-pengane går mellom anna til å hjelpa myndigheitene med å utforma kontraktar for lisensar og seismisk datainnsamling.

– Eg trur verda heller treng ei gradvis utfasing av olje og gass, me kan ikkje stoppa med ein gong, seier Camilo Nhancale.

Teddy Muturi Kamau i Kenya Oil and Gas Working Group seier dei blir inspirert av Noregs suksess med å redusera bruken av fakling. Fakling blir brukt for å bli kvitt overskot av gass og olje ved petroleumsutvinning, og gjev store utslepp av CO2.

– Om du ser på utnyttinga av hyrdrokarbon som noko som gjev ein overgang til fornybar energi, så er det ein strategi som også kan fungera for utviklingsland. For 30 år sidan kunne du kanskje snakka om å kutta olje- og gass-produksjon. Med den teknologien me har i dag, kan me utnytta hydrokarbon for det beste for framtidige generasjonar, seier Kamau.

Sumaya Abdinoor i WWF Kenya og Teddy Muturi Kamau frå Kenya Oil and Gas Working Group er opptekne av å påverka myndigheitene sitt arbeid med den unge petroleumsindustrien i landet.  Foto: Maria Lavik

WWF i skvis

Miljøorganisasjonen WWF er ein av deltakarane i Ofu-programmet. Det er kontroversielt, også for den norske delen av WWF (sjå sidesak). Sumaya Abdinoor i WWF Kenya seier organisasjonen har diskutert Ofu-samarbeidet, men at dei vil konsentrera seg om natur og biomangfald.

– Nokre av desse olje- og gass-prosjekta skjer i økologisk sårbare område. Me treng ein strategi for å avgrensa påverknaden.

Sumaya Abdinoor seier WWF har hatt innspel på traseen til ein oljeleidning i Kenya, som opphavleg skulle gå gjennom elver, våtmarksområde og naturreservat. Organisasjonen fekk gjennomslag for å endra deler av traseen.

– I tillegg har me mål om å få inn lovgjeving som sikrar at inntektene frå olje og gass kan gå til å finansiera overgangen til fornybar energi, seier Sumaya Abdinoor.

Kenya er i ein tidleg fase i petroleumsutvinninga. Gjennom Ofu har Oljedirektoratet i Noreg bygd kenyansk kapasitet til å registrera og analysera petroleumsdata.

– Om me ikkje er i denne diskusjonen, kven skal vere her? Nokon må stilla som ei vaktbikkje på vegner av lokalsamfunn, seier Teddy Muturi Kamau frå Kenya Oil and Gas Working Group.

 

Barbara Nambi trur at Ofu-programmet vil gjera det mogeleg for utviklingsland å henta ut meir olje- og gassressursar.

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 16.12.2019 12.19.00 Sist oppdatert: 16.12.2019 12.19.32