© Stuart Franklin/Magnum Photos  Human, Man (all ages), Photographic Composition/Effect, People, Male, Outdoors, Close-up, Closeup, Exterior, Outside, Photographic Composition, 4 People, Frontage, Four People, Men, Human being, Open air, Man, Closeups, Person, Detail, Close up

Om etterspørselen etter fossil energi går ned, så blir det uheldig for utviklingsland som satsar på denne sektoren, påpeker WFF, her frå oljefelt i Uganda. Foto: Stuart Franklin / Magnum Photos / NTB scanpix

Organisasjonar rettar klimakritikk mot Olje for utvikling

Norsk sivilsamfunn er kritiske til programmet Olje for utvikling, men vil halda fram med å motta pengar frå det.

Av Maria Lavik Sist oppdatert: 16.12.2019 12.19.00

– Premissen bak Olje for utvikling er å auka olje- og gassproduksjonen i utviklingsland. Sett i lys av klima- og miljøkrisa har me byrja å stilla oss meir og meir undrande til om det er god bistand, seier Rilito Povea, nestleiar for internasjonale program i Verdens naturfond WWF Norge.

Den globale miljøorganisasjonen har i 12 år motteke pengar frå programmet Olje for utvikling (OfU). WWF i Uganda og Kenya har til saman motteke 60 millionar kroner som deltakarar i programmet.

I møte med Ulstein

Ofu har mellom anna som mål å sikra god miljømessig forvaltning av petroleumsressursar. I praksis betyr det oftast oljevernberedskap og kartlegging og skydd av sårbar natur. Rilito Povea seier WWF no vil utfordra norske myndigheiter til også å få inn klimarisiko i Ofu-programmet.

– Me møtte utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) 2. desember. Me bad han om å setja i gang ei vurdering av om Ofu er god bistand. Om bistandspengar skal hjelpa land som er i startfasen av olje- og gassproduksjon, må det innebera ei vurdering av klimarisiko

– Du seier WWF er blitt gradvis meir undrande til Ofu. Er det Ofu som har forandra seg, eller er det klimadebatten?

– Klimakrisa gjer at dette blir endå meir aktuelt å diskutera. Noreg har eit ansvar for å unngå auka klimagassutslepp og tap av natur. Me vil vekk frå olje og gass og over på fornybar energi på verdsbasis. Om etterspørselen etter fossil energi går ned, så blir det uheldig for utviklingsland som satsar på denne sektoren.

 

Søker om nye Ofu-pengar

Rilito Povea seier WWF først vil ha ei kartlegging av klimakonsekvensane. Så får ein på sikt vurdera om desse konsekvensane igjen skal kunne stoppa konkrete olje og gass-prosjekt.

– Vil WWF vurdera å trekka seg ut av Ofu, om de ikkje får gjennomslag for krava?

– Nei. Oljeutviklinga er godt i gang i dei landa me samarbeider med og ein ser for seg at desse landa byrjar å produsera olje i løpet av dei komande åra. Derfor er vår strategi å jobba for å halde myndigheitene ansvarlege for å minimera negative konsekvensar på natur og folk. Sivilsamfunnet treng bistandsmidlar for å halda myndigheitene i øyrene. Me kan klara å utfordra og få til ein debatt om Ofu utan å trekka oss.

I august søkte WWF om å vera med i ein ny periode på tre år. Det vil kunne gje 19 millionar kroner i inntekter. 

– Fryktar du at WWF kan gje eit godkjent-stempel på olje- og gassbransjen?

– Så lenge me stiller kritiske spørsmål til norske myndigheter om i kva grad norsk oljebistand er god bistand i ei tid med klimakrise, så trur eg ikkje det. Me må klara å ha to tankar i hovudet samstundes.

 

”Mange paradoks”

Også Kirkens Nødhjelp og Norsk Folkehjelp har fått støtte frå Olje for utvikling. Dei opplyser til Bistandsaktuelt at dei har søkt om å vera med i ein ny runde på tre år. Men, det skjer ikkje utan debatt.

Gry Ballestad, avdelingsleiar ved Norsk Folkehjelp, skriv i ein e-post at det er ”mange paradoks” knytt til programmet Olje for utvikling, både i eit klimaperspektiv og fordi at inntektene frå olje og gass ofte ikkje kjem folk til gode. Ho seier at dei støtter WWFs krav om å løfta klimarisiko i Ofu-programmet.

Det same gjer Kirkens Nødhjelp. Lisa Sivertsen, leder for politikk og samfunn, skriv i ein e-post at ”Skal me ta forpliktingane våre til Parisavtalen på alvor, må me sørgje for at Olje for Utvikling-programmet tek klimarisiko på alvor.”

Sivertsen meiner at klimarisikovurdering må gjerast sentralt i forvaltninga av Olje for utvikling framover. Dette har dei tidlegare kommunisert i et brev til Norad i mai, saman med WWF og Norsk Folkehjelp.

Norsk Folkehjelp har søkt om 19,8 millionar Ofu-kroner til program i Sør-Sudan, Mosambik og Myanmar, fordelt på tre år. Kirkens Nødhjelp har søkt om 11 millionar kroner til Angola og Mosambik.

 

Løpande diskusjon

Bistandsaktuelt har formidla kritikken til OfU. Heidi Hegertun, leiar i Ofu-sekretariatet, skriv i ein e-post at klimaomsyn er ein viktig del av Ofu-programmet, og stadfestar at dei har ei løpande diskusjon med departementa som deltek i programmet om korleis dette arbeidet kan styrkast.

 

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 16.12.2019 12.19.00 Sist oppdatert: 16.12.2019 12.19.00