I staden for å annonsera ”enorme framsteg” ber redaktøren i The Lancet at WHO, Unicef og Verdsbanken heller ”kunngjera ein naudsituasjon for kvinner og barn over heile kontinentet Afrika”. Foto: Jan Speed

WHO og Unicef skuldast for skjønnmaling

Redaktør for verdskjent tidsskrift går i strupa på FN, og får støtte frå norsk professor i samfunnsmedisin.

Av Maria Lavik Sist oppdatert: 10.10.2019 15.17.34

Gjer verda framsteg i kampen for at fleire barn og kvinner skal overleva? Verdens helseorganisasjon (WHO), Verdsbanken og FNs barnefond Unicef svarar eit rungande ja i dei to ferske rapportane ”Levels & Trends in Child Mortality” og ”Trends in Maternal Mortality”. WHO-sjef Tedros Ghebreyesus gjev æra til land med universelt helsevesen medan Unicef skildrar ”enorme framsteg” i å redusera barnedødelegheita.  

Det provoserer Richard Horton, redaktør i det prestisjetunge medisinske tidsskriftet The Lancet. I ein kommentar i The Lancet skriv han at ”kvinner og barn har blitt dytta vekk” i utforminga av den globale helsepolitikken sidan 2016, og at ”helse ikkje lenger er prioritert av Unicefs leiarskap”. I staden for å annonsera ”enorme framsteg” ber han WHO, Unicef og Verdsbanken heller ”kunngjera ein naudsituasjon for kvinner og barn over heile kontinentet Afrika”.    

 

Store tapstal

Det er utviklinga i Afrika sør for Sahara som opprører Richard Horton. Han peikar på fleire urovekkande trendar:

 

  • Over halvparten av alle dødsfall blant barn under fem år skjer i Afrika sør for Sahara.
  • I tre land i Afrika skjer ein firedel av alle dødsfalla i verda blant barn under fem år. I fjor døydde 866.000 barn i Nigeria, 296.000 i Den demokratiske republikken Kongo og 191.000 i Etiopia.
  • Desse dødsfalla kunne blitt unngått. Barna døydde hovudsakleg av sjukdommar som me eigentleg kan førebygga eller behandla: lungebetennelse, diare og malaria.
  • Det er farlegare å bli gravid i Afrika sør for Sahara enn nokon annan stad i verda. Dette området står for to tredelar av alle dødsfall knytt til graviditet og fødsel.
  • Fire av dei fem landa i verda med høgast mødredødelegheit målt i tal på dødsfall er i Afrika sør for Sahara: Nigeria, Den demokratiske republikken Kongo, Etiopia og Tanzania.

 

I FN-rapporten om barnedødelegheit står det at Afrika sør for Sahara treng ”særskild merksemd” og at det hastar med å ”akselerera progresjonen”.

The Lancet-redaktør Richard Horton kritiserer FN for å ikkje forklara kva ”særskild merksemd” er og skriv at ”ei slik svak erkjenning av systematisk svikt er skammeleg.”

Han er også kritisk til ei formulering i FN-rapporten om mødredødelegheit. Her står det at ”ein kan berre håpa at verdssamfunnet ikkje stiller seg likegyldig til manglane som er venta om me ikkje klarer å forbetra den noverande nedgangen i mødredødelegheit”. Horton meiner dette er uttrykk for ei form for ”sjølvtilfredsheit” (på engelsk ”complacency”) som er ”sjokkerande”.

WHO-sjef Tedros Ghebreyesus får kritikk av redaktøren i eit av verdas mest kjende helsetidsskrift.

Foto: UN Photo/Elma Okic


Kritisk til nye mål

I kommentaren peikar Horton på at mødre- og barnehelse hadde ein prominent plass i FNs tusenårsmål. Blant dei åtte måla var både reduksjon av barnedødelegheita og av svangerskapsrelatert dødelegheit inne som eigne mål. Horton skriv at dette sikra politisk merksemd som igjen førte til handling. Internasjonale kommisjonar og samarbeid starta opp, statsleiarar konkurrerte med kvarandre om å investera i nye donorprogram, og dåverande generalsekretær Ban Ki-moon gjorde Every Woman Every Child til sitt signaturinitiativ.  

Tusenårsmåla vart frå 2016 etterfølgt av FNs berekraftsmål. Desse 17 måla nemner ikkje mødre- og barnedødelegheit konkret, men har mellom anna eit mål om å ”sikra og fremja god helse for alle”. Horton meiner dette gjorde at merksemda på helse for mor og barn stoppa opp. Frå no av var det universelle helsetenester som var på moten, skriv han. Kvinne- og barnehelse var berre viktig om det styrker saka til universelle helsetenester.

 

Nokre lyspunkt

Samstundes gjev Horton Unicef rett i at samla sett, så går verda framover. Fleire kvinner og barn overlever no enn nokon gong tidlegare. Horton viser til at 12,5 millionar barn under fem år døydde i 1990. Det talet var gått ned til 5,3 millionar i 2018. Risikoen for å døy er spesielt høg for rett etter fødselen – dei første 28 dagane i livet til spedbarna. Også her har dødelegheita gått ned til 2,5 millionar, som er ei halvering frå 1990-nivå. Horton peikar også på ein nedgang i mødredødelegheita med heile 35 prosent på 17 år, frå 2000 til 2017.

– Framgangen som har skjedd i mange land viser at det er mogeleg å redusera mødre- og spedbarnsdødelegheita kraftig, også i Afrika sør for Sahara. Her gjenstår mykje, særleg i dei fattigaste landa og dei som er i konflikt og krig, seier Johanne Sundby, gynekolog og professor i samfunnsmedisin ved Universitetet i Oslo. Ho har jobba mykje med kapasitetsbygging innan mødrehelse internasjonalt, med særleg fokus på Afrika og Asia.

 

Verda gløymer kvinnene

Sundby gjev støtte til mykje av Hortons ramsalte kritikk mot FN. 

– Verdssamfunnet ser etter nye greier å halda på med, derfor får me ei dreiing vekk frå helse og over til utdanning. Det viser ei mangel på erkjenning av at ikkje alle problema på helseområdet er løyst. Dessutan er det typisk at ting som berre har med kvinner å gjera, druknar i kampen om merksemd. Det er veldig få menn som er interessert i kvinnehelse, og feltet har aldri vore prioritert på same nivå som generell befolkningshelse.

Ho deler Hortons skepsis mot å utelukkande snakka om universelle helsetenester, som ho kallar ”eit uklart omgrep”. 

– For nokon betyr universelle helsetenester at folk har tilgang til helseforsikringar, for andre at alle har tilgang til gode basale helsetenester. Tidlegare var det meir fokus på spesifikke helsetenester, som helse for mor og barn, seier Sundby.

Ho seier at verda kan gjera store framsteg med enkle verkemiddel.

– Me treng ingen nye duppedittar eller ny teknologi for å få ned mødredødelegheita. Me har den kunnskapen som trengst, og Noreg oppnådde desse måla for mange år sidan, og me har grundig og god statistikk å visa til. Her er nøkkelen å bygga opp gode fødetilbod. Å sørgja for at fleire barn overlever, er meir komplisert, det krev arbeid for å redusera fattigdom og bygga opp gode tenester som monitorerer barn gjennom oppveksten.

 

Unicef: Meir må gjerast

Bistandsaktuelt har spurt Unicef om kommentar på Hortons påstand om at organisasjonens leiarskap ikkje lenger prioriterer helse, og oppmodinga om å kunngjera ein naudsituasjon for kvinner og barn over heile Afrika.

Unicef si medieavdeling i New York svarer på e-post, utan å kommentera desse utsegnene direkte.

Organisasjonen skriv at dei lenge har prioritert å nå dei mest sårbare barna med dei helsetenestene dei treng for å overleva. Dei peikar på at meir enn to femdelar av Unicefs budsjett blir brukt på mødre- og barnehelse innan humanitære og utviklingssettingar. I februar 2018 lanserte Unicef kampanjen Every Child Alive, med mål om å sikra politisk støtte for barn og mødre si overleving, som 130 Unicef-avdelingar er tilslutta.

Unicef vedgår at meir må gjerast for å levera betre barnehelse.

”I denne tida med FNs berekraftsmål, og der helseprogram verda over er alvorleg underfinansierte, er det særskild viktig med donorstøtte for å prioritere kvinne- og barnehelse”, skriv Unicef.  

 

 

Richard Horton, redaktør i det prestisjetunge medisinske tidsskriftet The Lancet.

Foto: UN Photo/Rick Bajornas
Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 10.10.2019 15.17.34 Sist oppdatert: 10.10.2019 15.17.34