Norge vil ta Lånekassen-suksessen med seg til andre land. Frå venstre: SAIH-leiar Sunniva Folgen Høiskar, studentaktivist Alfred Mubanga Nsama, nestleiar i Norsk studentorganisasjon Felipe F. Garcia og utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF). Foto: Maria Lavik

SAIH jubler: Lånekassen skal ut i verda

Den norske Lånekassen gjorde høgare utdanning tilgjengeleg for arbeidarklassens barn. No vil regjeringa ta kunnskapen ut til andre land ved å styrka Kunnskapsbanken i Norad med 50 millionar kroner.

Av Maria Lavik Sist oppdatert: 06.09.2019 13.52.39

– Eg vart litt sett ut då dei første kjærleiksbreva kom. Det var lenge sidan sist, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF).

Ministeren siktar til kampanjen ”The Perfect Couple” frå solidaritetsorganisasjonen SAIH. Sidan mars har dei fått folk til å senda kjærleiksbrev til ministeren, med ei oppmoding om å få i stand ein ”Lånekassen for utvikling”. Målet er å få Noreg til å dela erfaringar frå den norske Lånekassen-modellen med andre land, ved å driva kapasitetsbygging på feltet.   

På ein uformell pressekonferanse på Universitetsplassen i Oslo torsdag ettermiddag kom ministeren med ei gåvepakke til SAIH og ein budsjettlekkasje: Regjeringa styrker Kunnskapsbanken i Norad med 50 millionar kroner, og  Kunnskapsbanken får no også ansvar for kompetansebygging på lån- og stipendordningar til høgare utdanning.

– Me må sørgja for tilgang til høgare utdanning, og Noreg har eit sterkt fagmiljø på dette feltet. Derfor er det naturleg at dette kjem inn under Kunnskapsbanken, sa Ulstein under pressekonferansen.

Faksimile frå SAIHs kjærlighetskampanje overfor utviklingsministeren.

 

– Vil ha enorm betyding

– Dei femti millionane kjem til å ha enorm betyding. Når me ser på resultata av program som Fisk for utvikling og Skatt for utvikling, så er dette noko som blir etterspurd. Det å fylla gapa på kompetansesida betyr mykje meir enn pengar, seier Dag-Inge Ulstein til Bistandsaktuelt.

Han varslar at budsjettauken på 50 millionar kroner skal gå til fleire område, mellom anna til å styrka kompetanse rundt berekraftig mat. Han kan førebels ikkje seia noko om kor mykje av desse pengane vil gå direkte til arbeidet med lån- og stipendordningar.

Kunnskapsbanken i Norad er relativt ny. Den vart etablert 1. mars 2018 og har som mål å samordna og styrka fagleg samarbeid, kunnskapsdeling og -overføring på område der Noreg har særskilt kompetanse eller etterspurd erfaring. Hovudmålgruppa er myndigheitsinstitusjonar i samarbeidsland. I fjor auka regjeringa støtta til Kunnskapsbanken med 290 millionar kroner, som enda opp med eit budsjett på nærare 862 millionar kroner for 2019.

– Me er glade for at Utanriksdepartementet høyrer på sivilsamfunnsorganisasjonar, og tek dette inn på statsbudsjettet. For sjølv om det blir fleire universitet i verda, betyr ikkje det at høgare utdanning blir opna opp for alle. Det er heilt krise at høgare utdanning er med å vidareføra elitane. Frå Noreg veit me at høgare utdanning kan gje sosial utjamning, seier SAIH-leiar Sunniva Folgen Høiskar til Bistandsaktuelt.  

 

Mange program

Kunnskapsbanken i Norad har i dag åtte program: Olje for utvikling (Ofu), Fisk for utvikling (Ffu), Skatt for utvikling (Sfu), Likestilling for utvikling (LIKE), statistikksamarbeidet, høgare utdanning og forskning, innovasjon, og institusjonssamarbeidet innan energi. Arbeidet med lån- og stipendprogram blir ein del av programmet for høgare utdanning og forsking.

I tillegg har regjeringa varsla at programmet Hav for utvikling blir lansert i september i år.

– Med så mange programområde: Er det ein fare for at regjeringa spreier kompetansen over litt for mange gode formål?

– Det er tidleg å seia, det er noko me må vurdera fortløpande. Kunnskapsbanken er ein modell som eg trur mange andre vil kopiera. Kunnskapsbanken er komen for å bli, seier Ulstein til Bistandsaktuelt.

– Har det vore konkret etterspørsel frå andre land etter kunnskap om stipend og lån, eller er det i frå SAIH du har kjend presset?

– Det er noko av det tydlegaste eg har høyrt når eg har vore ute på reise, både frå myndigheiter, universitets- og høgskulemiljø. Det har vore ei direkte utfordring både frå The University of the South Pacific i Fiji og mange afrikanske land. Mange er opptekne av korleis dei kan vera med å sikra at alle får muligheit til høgare utdanning. Det er derfor me gjer dette, seier Ulstein.  

 

Ein sjanse for alle

Med på pressekonferansen var studentaktivist Alfred Mubanga Nsama frå Zambia. Han har tidlegare studert utviklingsstudier i heimlandet, og fortel at han var ein av få i klassen som fekk studiestipend i frå staten. 

– Eg fekk eit stipend som dekka ein stor del av studentavgifta, og litt av levekostnadane mine. Eg er heldig som fekk stipend. Dei høge studieavgiftene gjer at høgare utdanning stort sett berre er for eliten i Zambia, seier Nsama.  

Gjennom  SAIHs partnarorganisasjon Zanec arbeidar Nsama no for å få staten til å gje fleire og større stipend til unge som vil ta høgare utdanning.

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein kallar seg sjølv ein ”halvstudert røvar” som har samla studiepoeng i teologi og psykologi. Han seier at Lånekassen var heilt avgjerande for at han fekk ta høgare utdanning.

 

– Hevar nivået

– Lånekassen er i stor grad finansiert av den oljeformuen me har i Norge. Kor overførbart er dette til andre land, som manglar dette ressursgrunnlaget?

– I mange land er det ikkje mangel på ressursar som er problemet. Det viktige er å jobba mot korrupsjon og å bygga gode strukturar. Å sørgja for at fleire får høgare utdanning, om dei blir lærarar, juristar eller helsearbeidarar, så er det med på å heva utdanningsnivået som igjen vil kunna bygga denne kapasiteten, seier Ulstein.

Fagbladet Khrono skreiv nyleg at utviklingsministeren har lagt inn 15 millionar kroner i det kommande statsbudsjettet for å styrke Norpart-programmet. Pengane skal brukast på 100 stipend knytta til studieplasser for studentar frå sør som kan ta ein heil grad i Norge. Stipendordninga skal også sørge for at studentene holder kontakten med universiteta i heimlanda sine.

Meme av Ulstein som del av SAIH-kampanjen.

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 06.09.2019 13.52.39 Sist oppdatert: 06.09.2019 13.52.39