Ei konservativ bølgje kan truga rettane til kvinner og barn, åtvarar FN-koordinator Saima Ilyas. Ho var med under presentasjonen av FN-rapporten om seksuelle og reproduktive rettar på Nydalen vidaregåande skule i Oslo, saman med utviklingsminister Dag-Inge Ulstein. Frå venstre: Pernille Fenger (UNFPA), Ingrid Hordvei Dana (Utanriksdepartementet), Saima Ilyas (UNFPA), utviklingsminister Dag-Inge Ulstein og polisk rådgjevar Gjermund Øystese. 

Foto: Maria Lavik

Framsteg for kvinners rettar, men FN åtvarar mot motkreftene

Kvinner verda over har fått meir makt over eigen kropp, viser ein ny FN-rapport. Saima Ilyas frå FN åtvarar likevel mot konservative tilbakeslag.

Av Maria Lavik Sist oppdatert: 28.08.2019 15.07.58

Unge kvinner har i dag større råderett over eigen kropp enn det mødrene og bestemødrene deira hadde. Det er hovudbodskapen i den nye FN-rapporten The Unfinished Business - The Pursuit of Rights and Choices for All som vart lansert i Noreg denne veka.

Dette er den nyaste av dei årlege rapportane som FN gjev ut om utviklinga i verdsbefolkninga. Den listar opp fleire framsteg:

  • Fleire kvinner kan velja kor mange barn dei vil ha, noko som har resultert i at fødselstalet har gått ned. Sidan 1969 har snitt-talet på barn per kvinne gått ned frå 4,8 til 2,5 globalt, og frå 6,8 til 3,9 i dei minst utvikla landa.
  • Delen kvinner som bruker prevensjonsmiddel er meir enn dobla, frå 24 prosent i 1969 til 58 prosent i 2019.  
  • Færre kvinner risikerer livet ved å bæra fram barn. Mødredødelegheita har gått ned med 44 prosent sidan 1990.

 

Konservativ bølgje

Likevel åtvarar Saima Ilyas, koordinator for FNs befolkningsfond UNFPA, mot å tru at alt går på skinner.

– Den konservative bølgja som er komen over store delar av verda, trugar rettane til kvinner og barn. Me ser land der kvinner ikkje lenger får tilgang til prevensjon. Me ser land som gjer det ulovleg med abort, der det tidlegare har vore lovleg. Det politiske tilbakeslaget har vore veldig vanskeleg, seier Ilyas til Bistandsaktuelt.

Det er FNs befolkningsfond UNFPA som står bak rapporten.

 

Råka av Trump-lov

UNFPA er blant organisasjonane som har mista pengestøtte frå USA på grunn av deira arbeid med abort. Dei fell inn under USAs regel ”The Global Gag Rule” og lovtillegget ”Kemp-Kasten”. FN-fondet gjev informasjon om abort og trener helsepersonell i å handtera etterverknadane etter ein abort. USA skuldar FN-fondet for å fremja tvungen sterilisering og abort. Dermed mister FN-fondet rundt 500 millionar kroner i årleg støtte.

I praksis gjev ”The Global Gag Rule” munnkorg til organisasjonar som arbeidar for trygge abortar. Regelen gjer at alle organisasjonar som tilbyr informasjon om, eller utfører abortar, blir nekta støtte frå USA.

UNFPA-rapporten som vart lansert i Oslo denne veka, slår fast at berre 55 prosent av abortane som blir utført på verdsbasis, er trygge.

 

– Ikkje bra at livsviktig arbeid får kutt 

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) var med under lanseringa. Han seier til Bistandsaktuelt at han ”ikkje er glad” for utviklinga der ”Global Gag Rule” blir vidareført og forsterka under president Donald Trump.

– Organisasjonar som driv livsviktig arbeid, får kutt i midla. Noko av det første den norske regjeringa gjorde, var å kompensera for desse kutta, seier Ulstein.

UNFPA er mellom organisasjonane som har fått auka støtta i frå Noreg, for å få kompensert bortfallet i støtte frå USA. I 2017 auka Noreg støtta til UNFPA med 25 prosent.

– Det er eit stort arbeid som må gjerast. Dette handler ikkje berre om abort, men også om openheit rundt seksualitet. I mange land er det mange tabu rundt sex og kropp, seier Ulstein.

 

Inga forståing for USA sine  grep

– Du representerer eit parti som ønskjer å endra den norske abortlova og styrka retten til ufødde liv. Forstår du den verdidebatten som ligg til grunn for ”The Global Gag Rule”?

– Eg vil ikkje seia at eg har ei forståing for dei grepa som blei tekne i frå USA. Eg trur Noreg kan ha ei rolle i å få i gang samtalane om meir openheit rundt seksualitet, seier Ulstein.

Saima Ilyas seier at abort er eit vanskeleg spørsmål under FN-forhandlingar.

– FN ønsker ikkje å fortelja land kva dei skal gjera, me treng heller ei endring på grasrotnivå. Me ber landa følga handlingsprogrammet etter Kairo-konferansen i 1994 som dei sjølve er blitt einige om. Dette programmet seier at abortar skal vera trygge i land der inngrepet er lovleg. Og kvinner har rett på helsehjelp om dei har komplikasjonar etter ein ulovleg abort.

IMG_6689.JPGUtviklingsminister Dag-Inge Ulstein talte til elevane ved Nydalen vidaregåande skule i Oslo. 

 

To jubileer

2019 markerer to jubileer i kampen for seksuelle og reproduktive rettar. FNs befolkningsfond UNFPA  starta opp for 50 år sidan, i 1969. På den tida var det vanskeleg for kvinner å få tak i prevensjon, og mange døydde i barnefødslar.

Rapporten ”The Unfinished Business” viser at prevensjonsmetodane som var tilgjengelege på denne tida, i stor grad bestod av enten kondom, periodevis seksuelt avhald eller å ”hoppe av i svingen” – metodar som i stor grad var kontrollert av menn.

Opprettinga av FNs Befolkningsfond vart følgt opp av Kairo-konferansen i 1994, for 25 år sidan. På konferansen stadfesta 179 av verdas regjeringar at det er ein menneskerett å ha tilgang til reproduktive helsetenester, inkludert prevensjon og omsorg ved og etter fødsel.

I november i år skal arbeidet frå Kairo-konferansen vidareførast under eit toppmøte i Nairobi, der mellom anna utviklingsminister Dag-Inge Ulstein stiller.

 

Vil ha sex på timeplanen

Ulstein og Ilyas sat i panelet då FN-rapporten denne veka vart lagt fram på Nydalen vidaregåande skule i Oslo. Dei la begge vekt på verdien av god seksualundervisning.

– Unge som får god seksualundervisning er eldre når dei debuterer, og dei beskyttar seg betre. Det er sprøtt at mange land no forbyr seksualundervisning, sa Dag-Inge Ulstein.

Saima Ilyas hylla Kairo-programmet, men meiner det er synd at mange land ikkje har implementert retten til seksualundervisning. Ulstein fortalte publikummet som bestod av vidaregåande-elevar, at han vil jobba for å få inn sex på timeplanen verda over.

– Eg trur mange her inne veit at foreldre ikkje er så gode til å snakka om sex. Derfor er det viktig at unge får rett kunnskap om sex: at dei får vite at det er ok å seia nei, og at dei kan beskytta seg mot graviditet og sjukdommar. Me jobbar med FN for å få dette inn i undervisninga, sa han.

Den norske lanseringa av rapporten skjedde i regi av Sex og Politikk, Utanriksdepartementet, FN-sambandet og FNs befolkningsfond (UNFPA).

 

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 28.08.2019 15.07.58 Sist oppdatert: 28.08.2019 15.07.58