Haukeland universitetssjukehus har i ei årrekke sendt legar på utveksling til Sør-Afrika for å få praktisk trening i traumeskadar. Samtidig har legar frå Sør-Afrika vore på besøk i Noreg for å lære om norske rutiner og prosedyrer i samband med behandling av traumer, skriver Marit Bakken. Foto: Maiken Solbakken / Norec

Utveksling hjelper unge arbeidssøkarar

Unge arbeidstakarar er betre utdanna enn nokon gang. Likevel ekskluderast unge menneske frå arbeidslivet i store deler av verda, skriver Norecs programdirektør Marit Bakken. Gjennom Norecs utvekslingsprogram får unge menneske betre kompetanse, internasjonal erfaring og betre mogelegheiter i livet, meiner ho.

Av Marit Bakken Sist oppdatert: 09.03.2020

Denne månaden er det 20 år sidan kronprins Haakon i statsråd relanserte Norec (tidlegare Fredskorpset). 10 000 deltakarar seinare har vist oss at partnarskap, likeverd og gjensidigheit er avgjerande for resultata i moderne utviklingssamarbeid.

Norec utgjer ein halv prosent av Norges bistandsbudsjett. Vi forvaltar årleg 135 millionar kroner, og dette fordeler vi på rundt 80 prosjekt. Ut frå dagens budsjett kan ikkje Norec sine utvekslingsordningar vere anna enn eit supplement til anna prosjektstøtte.

Vi er ikkje store nok til å drive store bistandsprosjekt, og det har heller aldri vore tanken bak vår del av norsk bistand. Vårt spesialfelt er gjensidig utveksling, og det skal vere fundamentet i alle prosjekt vi støttar.

 

Utveksling skal gi gjensidig læring

Ei utveksling betyr at begge partar byter tilsette og kompetanse. At partnarskapet er gjensidig, betyr at alle både bidreg og får noko ut av det. Partnarskapa skal organiserast slik at utvekslinga fører til gjensidig læring.

For å eksemplifisere. Haukeland universitetssjukehus har i ei årrekke hatt utveksling med sjukehus i Tanzania og Sør-Afrika. Haukeland har sendt legar til Sør-Afrika for å få praktisk trening i traumeskadar, medan legar frå Sør-Afrika har komme til Norge for å lære om norske rutinar og prosedyrar i traumebehandlinga. Alle lærer og lærer bort noko.

Helseporteføljen til Norec utgjer i dag 15 viktige prosjekt. Desse prosjekta omhandlar felt som behandling av nyfødde, helsetenester i marginaliserte samfunn, dialyse, forbetring av levekår for folk med nedsett funksjonsevne og augehelse. Desse prosjekta har ulik utforming, varigheit og kompetansenivå, men alle har til felles at dei både sender ut og får inn kompetanse.

20 år med utveksling betyr 20 år med erfaring. Vi veit at ein får betre og varige resultat ved lengre enn ved korte utvekslingsopphald. Å oppnå gjensidigheit i eit partnarskap krev tillit, og tillit tek tid å bygge. Ein deltakar skal venne seg til eit nytt land, ein ny kultur, eit nytt språk og ein ny arbeidssituasjon.

Våre partnarar har utvekslingar frå 3–18 månader. Utvekslingsperioden vert vurdert frå søknad til søknad ut frå kva som vil gje best resultat. Vår erfaring er at ein minimum bør vere tre månader ein stad, for å få utbytte av utvekslinga.

 

Fokuserer på ung kompetanse

Å fokusere på ung kompetanse er ein del av vår instruks. Norec si aldersgrense på 35 år handlar i hovudsak om at unge menneske i store delar av verda vert ekskludert frå arbeidslivet. Dei er betre utdanna enn nokon gong, men toppar likevel statistikkane innan arbeidsløyse og underrepresentasjon.

Dersom valet står mellom ein nyutdanna utan arbeidserfaring og ein kollega med 20 år i ryggsekken, fell dei unge lett gjennom. Her prøver Norec og Norge å gjere ein skilnad.

Utveksling er ein sjanse til å få internasjonal erfaring og betre mogelegheiter i livet. Vi ser at den langsiktige effekten av utvekslinga er størst når deltakaren returnerer til arbeidsplassen sin. Unge arbeidstakarar har naturleg nok ein lenger karriere framfor seg, og såleis meir tid til å implementere det dei har fått ut av utvekslinga.

Aldersgrensa er heller ikkje hogd i stein. Dersom spesialkompetansen til deltakaren er avgjerande for resultatet, kjem alderen i andre rekke. Dette er ein fleksibilitet vi tilbyr i alle prosjekt, sjølv om hovudfokuset er på unge deltakarar.

Konsulentselskapet KPMG (Klynveld Peat Marwick Goerdeler) laga i november 2019 ein rapport på oppdrag frå Norec om erfaringane med utveksling i offentleg sektor. Rapporten stadfestar at gjensidighetsprinsippet er ein nøkkelfaktor i kor vellukka prosjekta blir, men løftar også fram utfordringar. Desse tilbakemeldingane jobbar vi systematisk med for å bli betre.

Norec skal vere ein dynamisk bistandsaktør, og vår modell skal utvikle seg i takt med norsk utviklingspolitikk. Vi skal vere fleksible, men samtidig sikre at alle søker på like vilkår, og ikkje minst, at berebjelken i prosjektet er gjensidigheit.

 

Mening

Dersom valet står mellom ein nyutdanna utan arbeidserfaring og ein kollega med 20 år i ryggsekken, fell dei unge lett gjennom. Her prøver Norec og Norge å gjere ein skilnad.

Marit Bakken
Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 09.03.2020 15.06.23 Sist oppdatert: 09.03.2020 15.06.23