soc, bnc

Etiopias statsminister Abiy Ahmed Ali ankommer VIP-terminalen på Oslo Lufthavn mandag ettermiddag. Tirsdag mottar han Nobels fredspris. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Abiy Ahmed er ingen pressefiende

MENINGER: Det er beklageleg at fredsprisvinnaren ikkje stiller til pressekonferanse. Men det er feil å bruka det som prov på at han har misforstått kva pressefridom handlar om.  

Av Terje Skjerdal Sist oppdatert: 10.12.2019

Frå norsk hald kan det verka pussig at Abiy Ahmed ikkje vil møta pressa når han er i Oslo. Etter å ha fått den gjevaste av alle prisar har han ei eineståande moglegheit til å fronta landet sitt og få eit internasjonalt publikum til medemer-filosofien sin.

Men Abiy Ahmed vurderer dette annleis, og det er det fleire moglege grunnar til. Forklaringa om at han har eit stramt program kan høyrast ut som ei dårleg orsaking, men er reell nok sett i lys av at Abiy held fram med sitt høge tempo på denne reisa og kombinerer fredsprisseremonien med møte med europeiske leiarar samstundes som han konstant følgjer utviklinga i heimlandet. Han har tilgodesett knappe to dagar til Oslo-turen, og komiteen har måtta nedjustera ymse punkt på programmet.

Prestisjen til Nobels fredspris på verdsbasis er uomtvisteleg. Men prisen har ikkje nødvendigvis så stor betydning for ein gjennomsnittleg etiopiar. Sett frå Afrikas Horn føyer fredsprisen seg inn i rekkja av ca. 20 internasjonale prisar og utmerkingar som Abiy Ahmed har motteke, sjølvsagt med merkbart meir interesse frå verdspressa denne gongen.

 

Stiller sjeldan på pressekonferanse

Så er det heller ingen tradisjon i Etiopia for at statsministeren stiller opp på pressekonferanse. Det har skjedd nokre få gonger med Abiy Ahmed, men det er mange månader sidan sist, så langt eg har registrert.

I helga som følgde etter at fredsprisvinnaren var offentleggjort, hadde NRK eit aparte innslag frå Addis Abeba der Anders Tvegård fekk vera med den etiopiske statsministeren på slep. Det var ein underleg seanse. Det norske publikumet oppfatta det kanskje som ein normal Søndagsrevyen-reportasje, men eit slikt innslag ville aldri ha skjedd på etiopisk fjernsyn.

 

Stiv og utilpass

Men like avslappa som Abiy Ahmed framstod i den NRK-reportasjen, er han vanlegvis ikkje i møte med media. Tvert om verkar han litt stiv og utilpass når han vert intervjua av internasjonale journalistar.

Og her ligg kanskje ein annan grunn til at årets fredsprisvinnar seier nei til pressekonferanse og fjernsynsintervju i Oslo, i tillegg til at han vil unngå ubehagelege konfrontasjonar med journalistar om den aukande etniske valden i dei ulike regionane i Etiopia. Han er klar over at han ikkje fungerer så godt på skjermen.

Dr. Abiy er ein intellektuell, han er ein framifrå folketalar, men han er dårlegare til å levera treffsikre replikkar på direkten, særleg når det skal skje på engelsk, som trass alt er fjerdespråket hans.

 

Kommunikasjonen har gått i stå

Det kan òg ha skjedd noko i kommunikasjonen mellom fredsprisvinnaren og Nobelkomiteen. Tilsynelatande gjorde komiteen det einaste rette då den tok første fly til Addis for å overtala Abiy om å stilla på pressekonferansen. Men idet krisehandteringa vert offentleg kjend og debattert i Dagsnytt 18, er toget gått.

Ein afrikansk statsleiar, aller mest ein etiopisk statsminister, vil nødig lata seg belæra om statsmannskunst av ein korrekt europear, om det så er direktøren av Nobelinstituttet som dukkar opp.

 

Ingen pressefiende

Men Abiy Ahmed er ingen pressefiende. Som tilsett ved NLA Høgskolen har eg i 15 år arbeidd med medieutvikling i Etiopia med støtte frå norsk UD. Med Abiy Ahmed ved roret har me fått ein mann som på ein heilt annan måte enn forgjengarane skjønar verdien av uavhengige medium og fri meiningsutveksling.

At eit land hoppar 40 plassar fram på pressefridomsstatistikken frå eit år til neste manglar sidestykke, slik det skjedde med Etiopia frå 2018 til 2019. Abiy har lagt på bordet samtlege lover og forskrifter som regulerer media i landet og bedd om at dei vert reviderte. I eit ikkje offentleggjort internt dokument innrømmer styresmaktene at det er eit stort problem at statsadministrasjonen gjer seg utilgjengeleg for media.

Det er såleis eit paradoks at Abiy Ahmed ikkje stiller til intervju i Oslo. Og i ettertid tenkjer han kanskje at han burde ha gjort det.

Den etiopiske mentaliteten kring offentleg samtale ligg langt frå dei liberale ideala som kjenneteiknar den norske og vestlege mediekulturen. Men å måla graden av presseforståing ut frå mediestrategien under nobelprisutdelinga åleine, vert forhasta.

 

 

Mening

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 10.12.2019 08.00.07 Sist oppdatert: 10.12.2019 08.00.07