I enkelte land er korrupsjon så utbreidd og gjennomgripande at det å drive bistand er ein risikosport. Det ville være en fordel om donoranene hadde ein felles og stegvis reaksjon til korrupsjonssaker, skriver CMI-forsker Arne Strand. Bildet er fra Afghanistan.  Foto: Rahmat Gul/AP/ NTB scanpix.

Den vanskelege nulltoleransen i bistanden

Nulltoleranse for korrupsjon er både praksis og prinsipp i internasjonal bistand, men donorar opptrer svært ulikt i møte med problemet. I enkelte utviklingsland er korrupsjon så utbreidd at det er vanskeleg å unngå, sjølv med den beste viljen og dei rette systema på plass. Ei gradvis handheving av nulltoleransen kan betre hindre korrupsjon, skriver Arne Strand.  

Av Arne Strand Sist oppdatert: 01.10.2019

Noreg har nulltoleranse for misbruk av økonomiske midlar løyvd over Stortinget sine budsjett. Det same gjeld for mange andre land sine bistandsorganisasjonar. Målet er å vise at korrupsjon er uakseptabelt, med konsekvensar for organisasjonar som ikkje forhindrar det. Hovudregelen i norsk praksis er stans i økonomisk støtte til organisasjonar eller program der det er mistanke om korrupsjon, etterfølgt av krav om full gjennomgang og tilbakebetaling av det underslåtte beløpet.

Men ikkje alle donorar er like strenge i handhevinga av nulltoleransen. Der enkelte frys all økonomisk støtte straks misleghald vert rapportert, vel andre å redusere løyvingane eller å fryse støtta berre til det konkrete prosjektet som er ramma. Denne ‘lettare’ reaksjonen er ei erkjenning av at full stans i støtte kan ramme sårbare mottakarar og dermed vere i konflikt med «do no harm» prinsippet.

Nokon framhevar behovet for deling av risikoen og ansvaret i område med svært høg korrupsjon. Ein veit også at skuldingar om korrupsjon kan vere fabrikkerte, anten som eit forsøk på å stanse organisatoriske endringar eller stogge støtte til kritiske sivilsamfunnsorganisasjonar.

For organisasjonar som ønsker å motarbeide korrupsjon i eigne rekker eller hjå samarbeidspartnarar kan frysing av støtte vere eit hinder for å dokumentere og forstå omfanget av korrupsjonen, korleis den er organisert og kven som er involverte (eller ikkje). Nokon hevdar også at ein mindre streng praksis kan redusere terskelen for å rapportere mistanke om korrupsjon.

 

Les også: Røde Kors ble svindlet for millioner

Les også: Norsk nulltoleranse stanset nødhjelp

 

Prinsipp og praksis

Fleire frivillige organisasjonar har peika på forskjellsbehandling. Medan desse organisasjonane omgåande møter reaksjonar ved varsel om misleghald, ser dei at FN organisasjonar, Verdsbanken og fleirgjevarfond vert meir lempeleg handterte – sjølv ved omfattande korrupsjonssaker.

Dette er stadfesta av rapportane til Utanriksdepartementet  si Sentrale kontrolleining frå dei siste åra.

Her er berre reaksjonar mot frivillige organisasjonar lista opp. Forklaringa er at dei internasjonale organisasjonane eller fond Noreg støttar sjølve har ansvar for oppfølging og handtering av korrupsjonssaker.

Realiteten er at slik oppfølging ofte sit langt inne, me har fleire gonger sett at det berre er når donorar pressar på at undersøkingar vert sette i gang eller endringar gjennomført.

Ein slik ulik praksis kan underminere respekt for nulltoleranse prinsippet, spesielt når dei store underslaga ikkje får konsekvensar.

 

 Steg for steg

Vårt klare inntrykk frå diskusjonar med bistandsaktørar er at dei hegner om nulltoleranseprinsippet. Men og at det er mogleg å gjennomføre på måtar som også sikrar «do no harm» prinsippet og ei styrkar arbeidet mot korrupsjon.

Men då trengst ei stegvis tilnærming, rom for ulike reaksjonsnivå og, ikkje minst, støtte til tiltak som kan førebygge korrupsjon. Ei slik tilnærming kan føre til auka rapportering av korrupsjonssaker, også der det berre er ein mistanke, og dermed styrke organisasjonane si evne og kapasitet til å identifisere, avgrense og hindre korrupsjon.

Det absolutte kravet til ei stegvis tilnærming må vera at organisasjonane innrømmer å ha eit korrupsjonsproblem og at dei ønsker og har vilje til å gjere noko med det.

Første steg vil vere å sjekke om det er hald i rapportane eller skuldinga om korrupsjon. Om det er ein enkel bokføringsfeil, dårlege rutinar eller eit gjennomgåande problem med mange involverte bør avgjere kor omfattande etterforsking som vert sett i verk, og  i kva grad ein stansar støtta til organisasjonen.

Det må vere høve for å endre reaksjonen undervegs dersom problemet viser seg å vere større eller mindre enn ein først trudde. Når undersøkinga er avslutta, er det avgjerande om organisasjonen er villig til å godta resultatet. Dersom dei avviser at dei har eit korrupsjonsproblem eller nektar å gå med på ein plan for å sikre seg mot liknande tilfelle i framtida, bør støtta stoppast. Dersom det derimot er vilje til refleksjon og endring, bør donorar vurdere ekstra tilskot for å sikre at organisasjonen får betre system og rutinar på plass.

 

Risikosport

Med ei slik stegvis tilnærming vil ikkje organisasjonen oppleve å beint fram verte straffa for å ha sagt frå om korrupsjon. Dei får styrka eigen evne til å avdekke og hindre korrupsjon, og til å bygge ein organisasjonskultur som fremmer rutinar som kan hindre misleghald.

I enkelte land er korrupsjon så utbreidd og gjennomgripande at det å drive bistand er ein risikosport. Med ein felles og stegvis reaksjon til korrupsjonssaker tek ikkje donorar berre eit aktivt val om å dele på risikoen, men også om å sikre betre kunnskap og grunnlag for haldningsendring og betring av rutinar.

Det vil også stille bistandssektoren på linje med Oljefondet sin praksis overfor firma dei investerar i. Deira førsteval er alltid kartlegging og dialog med tanke på endring, straff eller utestenging er siste utveg.     

Mening

Ein slik ulik praksis kan underminere respekt for nulltoleranse prinsippet, spesielt når dei store underslaga ikkje får konsekvensar.

Publisert: 01.10.2019 12.35.47 Sist oppdatert: 01.10.2019 12.35.47