Dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet

Tone Slenes (40) tiltrer som dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet 5. august.

Sist oppdatert: 21.02.2019 09.23.29

Ivar Aasen-tunet i Ørsta er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. 

Slenes er i dag seniorrådgivar i Seksjon for Sør-Asia og Afghanistan i Utenriksdepartementet. Ho har vore utstasjonert ved den norske ambassaden i Hanoi og i New Delhi, og rådgivar i Avdeling for sivilt samfunn og Kommunikasjonsavdelinga i Norad.

Ho har informasjonsutdanning frå Høgskulen i Volda og årseiningar i psykologi og engelsk. Slenes kjem frå Ørsta, men er busett i Volda. 

Publisert: 21.02.2019 09.23.29 Sist oppdatert: 21.02.2019 09.23.29
Tone Slenes