Med einprosentmålet aukar bistanden akkurat i same takten som veksten i den norske økonomien.

Foto: Speed, Jan Martin

1-prosentmålet for bistand er ikkje problemet

MENING: Professor Rune Jansen Hagen karakteriserer i eit intervju med Bistandsaktuelt einprosentmålet for norsk bistand som absurd. Sjølv har eg aldri forstått kritikken av å setje av ein prosent av nasjonalinntekta til bistand.

Av Asbjørn Eidhammer Sist oppdatert: 24.01.2019

Det eg har forstått er at dei som er mot dette budsjettmålet som regel er for å gi mindre. Men slik oppfattar eg ikkje Jansen Hagen i innlegget – som elles inneheld mange gode refleksjonar om norsk utviklingspolitikk.

Argumenta mot einprosentmålet har vore fleire. Det første er at dette målet tar merksemda i den politiske debatten bort frå innhaldet i bistanden og utviklingspolitikken, eller, som Jansen Hagen seier, fører til eit fokus berre på kor mykje pengar som blir brukte. Det kan eg ikkje skjøne stemmer. Som Jansen Hagen seier seinare i intervjuet er det ikkje så mykje debatt om einprosentmålet lenger, i og med at det er tilnærma konsensus om det. Og ser ein til dømes på stortingsdebattane om utviklingspolitikken, spelar denne prosenten ein heller liten rolle i forhold til mange andre tema som går på innhaldet. At det er usemje om storleiken på budsjetta er jo elles vanleg på alle område.

På mange sektorar i statsbudsjettet kan ein ta utgangspunkt i behov og mål. Dersom alle barn i Norge har behov for barnehagetilbud eller ein meiner alle nordmenn bør ha tilgang til ein fastlege, kan ein budsjettere med nok midlar til det. Eit slikt utgangspunkt ville vere absurd for bistanden. Etter 2015 er behovet knytt til dei berekraftsmåla som statane i verda er blitt samde om at ein skal nå innan 2030. Men skal vi kunne nå for eksempel målet om å utrydde fattigdom må verdas bistand til låginntektsland mangedoblast, sjølv med auke i skatteinntekter, utanlandske investeringar, migrantinntekter og privat-offentleg finansiering.

Fordi behovet nærmast er uavgrensa, tar bistandsbudsjettet utgangspunkt i kva vi i Norge meiner vi har råd til. Det er essensen, sjølv om eit høgt nivå på bistanden kan ha andre mål og hensikter enn utvikling, slik som å styrke Norges posisjon i verda, som Jansen Hagen peikar på. Sjølv skulle eg ønskt at våre overføringar til utviklingsland vart bestemt meir ut frå kva som er rettferdig fordeling. Men det er og blir berre ønsketenking.

 

Kapasitet

Det andre argumentet mot 1-prosentmålet er at vi må planleggje bistanden ut frå kva kapasitet vi har til å administrere han på ein forsvarleg måte, og den automatiske auken i budsjettet undergrev vår evne til forvalte midlane. Det er sjølvsagt rett at forvaltingsapparatet blir strekt om ein ikkje samstundes styrkar det. Men det er det ingenting i vegen for å gjere. For stor vekst vil rett nok vere eit problem. Med einprosentmålet aukar bistanden akkurat i same takten som veksten i den norske økonomien. Klarer vi å handtere denne veksten på andre område, må vi klare å forvalte auken i bistanden også. Det er i det heile ikkje noko naturleg nivå for kor store bistandsmidlar det norske statsapparatet kan handtere, om vi innrettar forvaltinga etter storleiken på budsjetta. At den norske utviklingsforvaltinga kan gjerast meir målretta og effektiv enn ho er i dag, er ei anna sak.

Det tredje argumentet er meir teknisk. Når alle midlane skal betalast ut for å nå budsjettmålet, blir det eit uforsvarleg press på å bruke pengar mot slutten av året. Det har noko for seg. Det politiske kravet frå Stortinget er å bruke opp budsjettet, noko eikvar regjering vil setje si ære i å gjere. At dette presset oppstår skuldast i hovudsak at framdrifta i utviklingssamarbeidet går seinare enn  planlagt. Men det problemet vil ein ha uansett nivået på bistanden, fordi det nærast ligg i utviklingssamarbeidets natur at det blir forseinka. Å redusere budsjettet for å unngå dette ville føre til ein spiral nedover. Løysinga er ikkje å redusere, men å ta konsekvensane av at bistanden må vere langsiktig og fleksibel for å nå varige resultat. Det kan for eksempel gjerast ved å budsjettere over fleire år og tolerere svingingar i bruken. Og så kan ein prøve å unngå å skifte prioriteringane for ofte. Det vil gi rom og tid for langsiktig tenking og meir forsvarleg pengestyring.

 

Muligheiter

Jansen Hagen seier at vi heller burde ta utgangspunkt i kva vi ønskjer å oppnå, kva muligheiter vi har til å nå målet og kva det kostar å gjennomføre tiltaka. Men det vi ønskjer er å nå berekraftsmåla, som vi berre kan gi eit bidrag til. Det er difor ein gjer det motsett i bistanden. Vi må ta utgangspunkt i dei midlane som blir stilt til rådighet, og innrette og forvalte dei på ein best muleg måte. Det hindrar oss ikkje i å setje mål og planleggje for dei ulike aktivitetane, med den begrensinga planlegging har i dei ofte kaotiske og uføreseielege forholda i mange av våre samarbeidsland.

Vi har mange problem og dilemma i norsk utviklingspolitikk, men einprosentmålet for bistanden er ikkje eit av dei.

 

 

Mening

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 24.01.2019 07.34.02 Sist oppdatert: 24.01.2019 07.34.02