Opposisjonspartia har skipa ein allianse (AMP), leia av frigjeringshelten og tidlegare statsminister og president Xanana Gusmão frå det neste største partiet CNRT. Her held CNRT valmøte.

Foto: NTB scanpix

Steile frontar i Aust-Timor

MEININGAR: Ei politisk krise gjer at austtimoresarane må gå til valurnene for andre gong på mindre enn eit år. Parlamentsvalet 12. mai er meir spent enn på lenge i den unge nasjonen.

Av Noralv Pedersen Sist oppdatert: 08.05.2018

Laurdag skal Aust-Timor velja ei ny nasjonalforsamling. Det skjer berre ti månader etter det førre parlamentsvalet. Valet i juli i fjor enda med ei mindretalsregjering som kollapsa i januar i år, fordi dei ikkje fekk gjennom politikken sin i parlamentet. Etter at dei tre opposisjonspartia, som har fleirtal, hadde blokkert regjeringa sitt statsbudsjettframlegg for andre gong, hadde ikkje presidenten eit anna val enn å lysa ut nyval.

Når austtimoresarane går til valurnene for andre gong på mindre enn eit år, har det største regjeringspartiet Fretilin og veslebroren PD fått ein formidabel motstandar. Opposisjonspartia har nemleg skipa ein allianse (AMP), leia av frigjeringshelten og tidlegare statsminister og president Xanana Gusmão frå det neste største partiet CNRT. Med seg i koalisjonen har Gusmão eks-president og eks-geriljaleiar Taur Matan Ruak og partiet hans PLP og det femte og minste partiet i parlamentet, KHUNTO, som har støtte frå mange av dei unge.

 

Steilare frontar

Frontane har difor blitt steilare enn under valkampen i fjor. Då hadde Aust-Timor lagt bak seg to år med nasjonal samling, der dei to store partia Fretilin og CNRT i praksis delte makta mellom seg. Så då Fretilin vann valet i fjor knapt føre CNRT, håpa mange at det forsonande politiske klimaet skulle halda fram, men viljen i CNRT til å gjera forlik, var der ikkje lenger. Fleire Aust-Timor-kjennarar som professor Michael Leach slår fast at forholdet mellom dei to store er blitt kjøligare enn på mange år.

Det kjennest illevarslande for mange austtimoresarar. Spenningane mellom dei to partia, og ikkje minst den personlege striden mellom leiarane – Gusmâo i CNRT og statsminister Mari Alkatiri i Fretilin – vekkjer vonde kjensler. Konflikten har røter tilbake til tida under den indonesiske jernhælen. Under frigjeringskampen braut Gusmão med Fretilin, fordi han meinte at partiet ikkje skulle ha ein privilegert status i motstandskampen. Etter det har dei vore beiske motstandarar på livstid, ikkje berre i kraft av å vera politisk opponentar, men like mykje i kraft av personlegdommane, livshistoriene og ei uforsonleg ideologisk kløft mellom dei to.

Striden var ein viktig grunn til den blodige krisa i 2006, då den unge nasjonen heldt på å bli riven sund i ein alvorleg valdsspasme. Personkonflikten var med på å setja fyr på dei historiske spenningane mellom dei frå vest i landet ("loromonu", der CNRT har maktbasen sin) og dei frå aust ("lorosae", der Fretilin står sterkast). Det førte til borgarkrigsliknande tilstandar og fleire titals drepne. Gusmão, Alkatiri og dei andre politiske leiarane har difor blitt sterkt oppmoda om å tona ned den flammande retorikken, for ikkje å på nytt setja loromonu og lorosae opp mot kvarandre og landet si utvikling på spel. Det kan sjå ut til å ha hatt ein effekt. Starten på valkampen har gått relativt fredeleg føre seg, men historia fortel at austtimoresarane ikkje bør senka skuldrene før valet er gjennomført og resultatet kunngjort.

 

Alliansar

Kva andre faktorar kan så avgjera valet? AMP-alliansen – med tre parti som til saman fekk 46,5 prosent av røystene i fjor – har auka sjansen sin til å bli det største partiet, om ikkje med reint fleirtal, så iallfall med ei oppslutning så stor at dei kan bli storebror i ei ny koalisjonsregjering.

Det har òg blitt skipa to andre alliansar med ei rekkje mindre parti, noko som truleg er godt nytt for AMP. Desse partia greidde ikkje kvar for seg å koma over sperregrensa på fire prosent i fjor, men saman i kvar sin koalisjon har dei auka sjansane, og begge alliansane blir oppfatta som AMP-sympatisørar.

I valkampen har AMP medvite skubba fram Gusmão og Ruak: Under parolen "Saman for å samla nasjonen" håpar alliansen at dei to frigjeringsleiarane skal kapra veljarar. CNRT prøvde på det same med Gusmão i fjor, men lukkast ikkje då; Fretilin tok over som det største partiet. Men ved å dobla med begge dei historiske leiarane, trur alliansen på utteljing.

På den andre sida kan dei to veslebrørne i AMP-alliansen hamna i skuggen av Gusmão. Spesielt i PLP er dei bekymra. Der er det òg ei uro for at hopehavet med CNRT (som har mest støtte i vest) skal skremma vekk veljarar som PLP har hatt i aust, og at desse heller kjem til å stemma på Fretilin. Nettopp i desse austlege områda har òg krava om å satsa på meir grunnleggjande utvikling innan helse, skule og landbruk vore sterkast. CNRT har derimot gått i bresjen for å bruka dei store pengane på gigantiske – og omstridde – infrastrukturprosjekt.

Like fullt; mykje tyder på at Gusmão har gjort eit kraftig popularitetsbyks etter at han leia forhandlingane med Australia som etter mange år med tautrekking enda med ei fastsett sjøgrense mellom dei to landa tidlegare i vår. Sjøgrensa er avgjerande for framtida til Aust-Timor, fordi ho sikrar landet 70-80 prosent av inntektene frå olje- og gassreservoara i Timorhavet. No står kampen om gassen skal førast i land i Australia eller Aust-Timor. Gusmão har gjort det til ei stor valkampsak, som kan kapra mange i kampen mot ein felles ytre "fiende" i sør.

Fretilin på si side har fått støtte frå markante personar og institusjonar. Nobelprisvinnar, eks-statsminister og utanriksminister Jose Ramos-Horta er ein av dei. Også ein tidlegare innflytelsesrik Fretilin-politikar, Abilio Araujo, som støtta PLP i fjor, er tilbake i Fretilin-flokken. Og kanskje viktigast -  den mektige katolske kyrkja, som tidlegare var ein markant kritikar av Fretilin, har vore relativt støttande til Fretilin si mindretalsregjering det siste året.

Uansett utfallet av parlamentsvalet 12. mai, verkar det klart at tida for kompromissvillige regnbogeregjeringar er over for ei stund, og at valet kjem til å spegla eit meir polarisert politisk klima i Aust-Timor.

Mening

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 08.05.2018 08.09.11 Sist oppdatert: 08.05.2018 08.09.12