Protestar i dei to største delstatane Oromia og Amhara har utfordra leiarskapen til regjeringspartiet Ethiopian People’s Revolutionary Democratic Front (EPRDF), skriv Lovise Aalen. Foto: NTB scanpix

Lauslatinga av politiske fangar i Etiopia - for godt til å vere sant?

MENINGER: Det etiopiske regimet har overraska verda med å seie at dei skal lauslate politiske fangar. Nyhende om politiske forhold og menneskerettar plar ikkje vere av den gode sorten frå den kanten. Mykje tyder på at lauslatinga ikkje er eit resultat av internasjonalt press, men eit framstøt i den store maktkampen som no går føre seg internt i regjeringspartiet.

Av Lovise Aalen Sist oppdatert: 05.01.2018

Menneskerettsorganisasjonar håper at dette kan signalisere slutten på ein æra med blodig undertrykking i Etiopia. Andre, som Tomm Kristiansen i NRK, ser det som eit trekk for å betre landet sitt internasjonale image.  Dagen derpå er ikkje utsiktene like lyse. Det er usikkert kva regimet eigentleg meiner med ‘politiske fangar’, og om dei i det heile har innrømma at dei har slike fangar. Mykje tyder på at lauslatinga ikkje er eit resultat av internasjonalt press, men eit framstøt i den store maktkampen som no går føre seg internt i regjeringspartiet.

Protestar i dei to største delstatane Oromia og Amhara har utfordra leiarskapen til regjeringspartiet Ethiopian People’s Revolutionary Democratic Front (EPRDF). EPRDF, som har halde på makta sidan borgarkrigens slutt i 1991, har vore dominert av eitt av partia, den militære vinnaren i krigen, Tigray People’s Liberation Front (TPLF).

Meles Zenawi, TPLF-leiar og statsminister fram til 2012, dominerte både regjering og partiorganisasjon, og sørga for å halde lokk på spenningar og konflikter mellom dei ulike fraksjonane. Då han døydde i 2012 tok den mykje mindre dominerande Hailemariam Dessalegn, over som statsminister. Han vart vald som ein kompromisskandidat, som kunne balansere interessene til dei ulike fraksjonane og halde på status quo. Dette lukkast han tilsynelatande bra med inntil nyleg. Dei to presidentane i Amhara og Oromia, som også representerer EPRDF, har sidan i sommar støtta protestane og krevd genuint delstatsstyre og ein slutt på TPLF sin dominans i partiet. Sidan protestane har EPRDF gått igjennom det dei kallar ein ‘djup reform’ for å adressere årsakene til den politiske krisa. I ei fråsegn frå sentralstyret frå 30.desember 2017 har dei identifisert mangelen på demokrati og mistillit internt i partiet som ein av hovudårsakene til krisa. Dette har ifølgje dei ført til dårleg leiarskap og styring, som igjen er årsaka til protestane. EPRDF sentralt har med andre ord ikkje nemnt mangelen på fundamentale politiske og sivile rettar og reelle fleirpartival som ein del av problemet.

 

Ulike tolkningar

Fråsegna om lauslating av ‘politiske fangar’ kom som eit resultat av denne reformdiskusjonen. På ein pressekonferanse med leiarane for alle dei fire EPRDF-partia stadfesta alle at dei hadde gått igjennom ein ‘open, ærleg, og seriøs’ diskusjon og hadde snudd kvar stein for å finne løysingar på den politiske krisa. Den felles pressekonferansen tente også formålet om å framstå som ein samla koalisjon. Statsminister Hailemariam uttrykte at ‘som eit steg mot å sikre nasjonal konsensus og utvide den demokratiske plattformen, er det bestemt at skuldingane mot  arresterte politikarar og individ skal verte lagt bort eller at dei skal verte benåda’ (Fana Broadcasting Corporation). Denne fråsegna er open nok til å romme  svært ulike tolkingar. Internasjonale nyhetsbyrå var raske med å omsetje dette til at ‘alle politiske fangar skal verte lauslatne’ (BBC, AP, inkludert NRK),  med unntak av eitt byrå. Reuters nemnte ikkje ordet ‘politiske fangar’, men refererte til lauslating og benåding av ‘dissident-politikarar’ med kriminelle skuldingar mot seg. Deira tolking viste seg å vere meir tru mot formuleringa til statsministeren. Fråsegna har uansett skapt såpass merksemd og forventningar internasjonalt at det etiopiske regimet må tenkje på korleis dette skal handterast og eventuelt oppfyllast eller trekkast tilbake. Dette har allereie ført til ein umiddelbar revisjon av referata frå pressekonferansen i statseigde etiopiske nyhetsbyrå. I ein artikkel frå Fana Broadcasting Corporation, som reknast som eit talerør for EPRDF, vart det publisert eit revidert sitat frå statsministeren, der all referanse til politiske fangar eller arresterte politikarar vart erstatta med ‘einskilde individ som er arresterte og skulda for kriminalitet’.

 

Kontroll og undertrykking

Med dette innrømmer ikkje EPRDF lenger at dei har politiske fangar, noko dei heller aldri tidlegare har gjort.  No framstår det særs usikkert kven som faktisk skal verte lauslatne og benåda. Er det prominente opposisjonspolitikarar eller er det dei tusenvis av sivile demonstrantane som vart arresterte under åra med protestar?

Statsministeren lova også at det vidgjetne Makelawi-fengselet i Addis Ababa, som har vore åstad for tortur og politiske fengslingar, skal verte lagt ned og gjort til museum. Han nemnte i same andedrag at eit nytt fengsel, med internasjonal standard, er under konstruksjon. Dette, saman med nyansane i fråsegnene og nyhetsreferata, i ein politisk kontekst der kontroll og undertrykking er ein del av kvardagen, gjer at det er vanskeleg å tru at dette skal føre til reelle og fundamentale politiske endringar mot meir demokrati i Etiopia.

 

Publisert: 05.01.2018 11.40.12 Sist oppdatert: 05.01.2018 11.48.56