Copyright © Norad, tlf. 22242040 Copyright © Norad, tlf. 22242040

Erfaringane frå Mongolia og Sør-Afrika viser at barnetrygd har god positiv verknad både i å redusere fattigdommen og å få fleire barn i skolen, skriv Asbjørn Eidhammer.

Foto: Gunnar Zachrisen

Vi treng eit GAVI mot ekstrem fattigdom

MENINGER: Vi må gjere noko for utjamning, og det må vere noko som monner, er enkelt og fungerer. Min favoritt er ei universell barnetrygd, skriver artikkelforfattaren Asbjørn Eidhammer

Av Asbjørn Eidhammer Sist oppdatert: 15.05.2018

Det er flott at Norad, gjennom eit seminar om ulike former for kontantstøtte nyleg, sette spørsmålet om minsteinntekt på dagsorden i den norske utviklingsdebatten.

Trass i kraftig økonomisk vekst i Afrika har talet på fattige ikkje gått ned dei siste 25 åra. I 2030 vil 90 prosent av alle barn som veks opp i fattigdom bu i Afrika, om dagens trend held fram. Dei siste 25 åra har sett stor framgang når det gjeld å tilby sosiale tenester. Helsevesenet er bygd ut og det store fleirtalet får gå på skule, sjølv om det utdanninga er katastrofalt dårleg i mange land. Storparten av befolkninga i Afrika har tilgang på reint vatn.

Men inntektene for det store fleirtalet har auka lite. Over 40 prosent av befolkninga i Afrika lever på under 1,90 dollar om dagen. Sjølv i land med sterk økonomisk vekst har rikdommen i liten grad dryppa ned på fleirtalet av befolkninga. Vi må tenkje annleis. Det er ikkje muleg å nå berekraftsmål nr. 1, å utrydde fattigdommen, utan eit globalt krafttak for å skaffe inntekter for alle, særleg i dei 40-50 landa som har lågast nasjonalinntekt i dag.

Det er nødvendig med sterk økonomisk vekst for å avskaffe fattigdom. Men veksten må også fordelast. I dag har det fattige fleirtalet få rettar på det økonomiske området. Det var ikkje alltid slik. I det tradisjonelle afrikanske samfunnet hadde undersåttane til kongen eller høvdingen som regel også økonomiske rettar. Først og fremst gjaldt det retten til land, alle vaksne medlemmer av stammen hadde rett til eit stykke jord å dyrke mat på. Denne retten gjeld nå færre og færre etter som det blir skort på matjord og ungdommen flytter til byane.

I somme land kan ein seie at den økonomiske retten til ein viss grad er erstatta av ordningar som inneber subsidiar av eit eller anna slag. I Nigeria har billig subsidiert bensin vore det folk flest har fått att av landets enorme oljeinntektene. Forsøk på å ta bort denne subsidieringa har då også ført til opptøyar. I Malawi har ulike former for subsidiar på kunstgjødning og såkorn fungert på same måten. Ingen president i landet vil tørre å fjerne desse subsidiane; det ville også føre til matkrise.

Andre land, som har meir romslege offentlege budsjett, som Sør-Afrika og Botswana, har innført trygder av ulikt slag. Kontantstøtte i forskjellige former er prøvd ut i fleire land. Ordningane har vore med til å redusere fattigdommen i dei områda dei blir innførte, og er effektiv bistand. Men dei når heller få i høve til talet på fattige i landa.

 

Å skalere opp er nødvendig

Skal ein få bukt med den ekstreme fattigdommen i desse landa, må ein skalere opp, ‘go to scale’. Vi må difor utvide dei såkalla globale offentlege goda til også å gjelde retten til ei inntekt.

Professor Peter Townsend har argumentert for ei universell barnetrygd i alle land. Økonomiprofessor Kalle Moene har foreslått ei grunnlønn for alle borgarar rekna ut frå ein viss prosentdel av kvart lands nasjonalinntekt. Den svenske kyrkja har teke til orde for å bruke erfaringane frå Sverige med universelle velferdsordningar for å redusere forskjellar i utviklingland. Det er gode faglege argument for slike ordningar. Lik stønad til alle betyr mindre administrasjon, og digitalteknologien gjer distribusjonen enklare. Blant dei framifrå innledarane på Norads seminar syntest stemninga å vere at kontantstøtteordningar bør vere universelle.

Eg ser for meg politiske argument mot universelle inntektsordningar komme både frå høgre og venstre i norsk politikk. På den konservative sida vil det vere motvilje mot å dele ut pengar til folk utan krav til motytingar. I tillegg vil det vere motstand mot å gjere ordningane universelle. Argument er at det vil tære for mykje på statsinntektene og at dei velståande og middelklassen i desse landa ikkje treng inntektsgarantiar eller trygder. Det vil vere meir effektivt å målrette ordningane mot den fattige delen av befolkninga. Det siste argumentet er også brukt av Verdsbanken for deira politikk med å opprette tryggingsnett for dei fattigaste. I Norge blir barnetrygd for alle også utfordra med jamne mellomrom, seinast i år av folk i Frp og Venstre. Men å gjere barnetrygda behovsprøvd har likevel ikkje vore aktuell politikk for partia på høgresida.

På venstresida vil det vere motstand mot å innføre ei minsteinntekt fordi ho vil kunne bidra til at denne låge inntekta blir ei norm. Ho vil kunne erstatte fagleg kamp og lønnsforhandlingar mellom partane i arbeidslivet, og dermed svekkje lønnsmottakarane si stilling. Desse argumenta er, slik eg ser det, gyldige i industrialiserte land, men dei gir lita meining i fattige land der det store fleirtalet verken har formelle jobbar eller er organiserte.

 

Universell barnetrygd

Vi må gjere noko for utjamning, og det må vere noko som monner, er enkelt og fungerer. Min favoritt er ei universell barnetrygd. Ho vil vere treffsikker og skape pengesirkulasjon og kjøpekraft hos nye grupper lokalt. Ein vil kunne distribuere trygda elektronisk i stadig fleire land, noko som vil redusere byråkratiet enormt og gjere kontrollen enklare. Ikkje treng det koste all verda heller. ILO har rekna på dette, og stipulerer kostnadene til knapt ein prosent av BNP for 57 låg- og middelinntektsland.

Norge bør gå i samarbeid med partnarland for å gjennomføre dette. Vi bør også argumentere for slike ordningar i internasjonale organ. Eg tenkjer meg altså ikkje eit globalt trygdevesen, men ei ramme og ein struktur mange kan bidra inn i, gjerne på forskjellige måtar. Erfaringane frå Mongolia og Sør-Afrika viser at barnetrygd har god positiv verknad både i å redusere fattigdommen og å få fleire barn i skolen. Eg har heller ikkje sett god dokumentasjon for det nærliggjande motargumentet om at barnetrygd kan føre til at kvinner får fleire barn. Det kan gjelde i velstandsland som Norge. Men i fattige land tyder det meste på den motsette effekten; at betre økonomi fører til at kvinner føder færre barn.

Dersom ein kan få semje om eit slikt internasjonalt tiltak, vil ein kunne gjennomføre det med ein kombinasjon av internasjonale og nasjonale tiltak, etter mønster av den globale helseinnsatsen. Vaksineinitiativet GAVI, som har vore uvanleg vellykka, kan vere ein god modell.

Der minsteinntekt, barnetrygd eller alderstrygd blir prøvd ut i dag, er det staten i landa som i hovudsak finansierer ordningane. Det er eit godt utgangspunkt. Men dei fattigaste landa vil ikkje ha midlar nok til ordningar som monner. Ein grunn til at det er lite bistandspengar i desse ordningane, er at det ville bli ganske dyrt med det kontrollregimet som dei fleste givarane då ville krevje.

Ein kan ikkje unngå feilbruk og misbruk av midlar, sjølv om desse truleg vil vere små i forhold til det som blir oppnådd. Eit ordinært bistandskontrollregime vil føre til dei same kjør-stopp-mekanismane vi har sett så mykje av innanfor budsjettstøtte og sektorprogram. Dersom givarane her skal vere med på bistand som fungerer og gir resultat, må dei lempe på kontrollkrava.

 

Inntekt er ein menneskerett

Det er ein menneskerett å ha ein tilfredsstillande levestandard. Det vil også seie å skaffe seg ei inntekt å leve av. I norske offentlege dokument er dei økonomiske og sosiale menneskerettane ofte likestilt med dei politiske og sosiale. Men i menneskerettsarbeidet, både frå statens side og frå dei fleste organisasjonane i det sivile samfunnet, er dei ikkje det i praksis.

Samuel Moyn ved Yale-universitetet, peikar i eit innlegg i New York Times 25. april i år ("How the human rights movement failed") på akkurat dette. Han meiner denne feilen har bidratt til at menneskerettane nå er under eit sterkare press enn dei har vore på lenge. Menneskerettsforkjemparane i dag, frå FN til dei internasjonale menneskerettsorganisasjonane, gjer same feilen, ved at dei svarar på trugslane med nye forsøk på ‘name and shame’, seier han. I staden burde menneskerettsforkjemparane ta på alvor dei kreftene som fører til at så mange nå sluttar opp om sterke menn og autoritære regime. Økonomisk rettferd har ikkje vore eit sentralt mål i kampen for menneskerettane. Det burde det vere.

Eg trur han har rett. Det vil styrke demokratiet om veljarane får noko handfast att for stemmegivinga si. Å sørgje for ei basisinntekt vil vere eit effektivt bidrag til ikkje berre å redusere den ekstreme fattigdommen monaleg, det vil også kunne styrke oppslutninga om folkestyret. Vi kan trengje eit GAVI mot ekstrem fattigdom.

Mening

Norge bør gå i samarbeid med partnarland for å gjennomføre barnetrygd og liknande ordningar.

Publisert: 15.05.2018 07.42.26 Sist oppdatert: 15.05.2018 07.42.27