Xinhua  ie, POL, Politics & Law
Ulike delar av president Musevenis statsapparat i Uganda har i mange år vært viktige samarbeidspartnarar for norsk bistand. Norge har støttet institusjonsbygging, men presidenten tolererer framleis ikkje kritikk frå opposisjonen. Foto: Xinhua

Norsk politikk må være ærlegare

MENINGER: Makt må forståast, men det må også vere rom for å utfordre den.

Av Svein-Erik Helle Sist oppdatert: 24.11.2017

Bistandsaktuelt nyttar utnemninga av ny norsk utanriksminister til å invitere til debatt om ein meir aktivistisk menneskerettspolitikk. Kjetil Tronvoll startar debatten med å  kritisere vestlege aktørar og deira bistand på feltet for å ikkje forstå lokale maktforhold i Afrika. Eg deler Tronvoll sitt ønske om bistand basert på kunnskap om makt. Kunnskap er bra, og det er enkelt å vere einig i den gamle, men framleis riktige, kritikken av vestleg styresettstøtte som for fokusert på for mange, for enkle, og for ’vestlege’ løysingar.

Det eg saknar er ein diskusjon av kva vi skal nytte denne kunnskapen og forståinga til, og ei drøfting av konsekvensane av slike val. Tronvoll seier at vi må forstå mange regjeringar i Afrika sitt behov og ønske om ei sterk utøvande regjeringsmakt. Vestlege regjeringar må også forstå (men ikkje vere einig i) enkelte aspekt av kva denne sterke makta blir brukt til om vi vil samarbeide om viktige mål knytt til helse og utdanning. Ein kan ikkje få i pose og i sekk, seier Tronvoll, og meiner at ein må vere ærlege, og at det er hensiktsmessig å samarbeide med regjeringar i land som Etiopia og Rwanda om dei felles måla som finnes.

 

Må ikkje forteiast

Eg meiner også at norsk politikk på feltet må vere ærlegare: ein kan ikkje halde fram med skilnaden mellom norsk retorikk og norsk praksis når det gjeld fokuset på demokrati og menneskerettar. Eg meiner derimot ikkje at Noreg skal kaste retorikken på båten sjølv om enkelte ikkje-demokratiske regimer produserer imponerande økonomisk vekst og tal på fattigdomsindikatorar. Makt må forståast, men ikkje forteiast.

Å kalle relativt etablerte politiske regimer for ’politiske overgangsland’ er i så måte ikkje vegen å gå. Dei fleste av Noreg sine samarbeidsland i Afrika kan ikkje seiast å vere karakterisert av å vere på veg mot noko anna enn det dei er i dag - autoritære regimer. Å nytte eit overgangsomgrep om relativt stabile autoritære regimer dyrkar eit bilete av at regima er på veg mot demokrati, noko det ikkje er så mykje som tydar på. Då er det meir produktivt å snakke om variasjon i utfall av overgangar – og her er det rom for å påpeike at enkelte ikkje-demokratiske styringsformer basert på sterke, institusjonalisert system ser ut til å samanfalle med både betre økonomistyring og større sjanse for overgang til demokrati når overgangen endeleg skjer. Sterke institusjonar ser slik ut til å vere til å føretrekke over svake institusjonar.

Men eg meiner òg det er viktig å forstå at sterke institusjonar ikkje er sterke fordi dei er autoritære – og at autoritære regimer med sterke institusjonar mest sannsynlegvis lev lenger. Vi må difor også prøve å forstå konsekvensane av eit autoritært styresett. Eit viktig poeng i så måte er å hugse på at livet i autoritære regimer ikkje er så mykje annleis enn i demokrati– bortsett frå at eksisterande formelle institusjonar (som val) særs sjeldan bidrar til endring i kva gruppe som sit med makt. Livet i eit autoritært regime blir difor først problematisk når det er behov for å vere ueinig med dei som sit med makta. Vestleg bistand må difor endrast slik at ein i større grad skaper rom for alternative motkrefter, utan å seie at dei skal likne på vestlege NGOar. Det er godt mogleg at lokalt forankra organisasjonsformar kan vere betre til å skape rom for motkrefter og menneskeverd som ’vestlege’ institusjonar.

 

Bevare makt

Å forstå makt i slike kontekstar er òg å innsjå korleis den blir brukt, og kva ein potensielt støttar ved å støtte opp om formelle institusjonar. Institusjonar og kollektive handlingar i autoritære regimer er prega av ein anna type usikkerheit enn i demokrati, og sidan makta i liten grad kan kontrollerast, kan lover og reglar like ofte nyttast til å straffe politiske meiningsmotstandarar som å fremje vekst og løfte folk ut av fattigdom. Vestleg bistand har altfor lenge vore nytta til å fremje formelle institusjonelle løysingar, men vi har få verkty i verktøykassa når institusjonane nyttast til å bevare heller enn utfordre makt.

I det heile har vestleg bistand generelt vore meir fokusert på å samarbeide med dei som sit med makta enn den har vore på å støtte motkrefter i form av både sivile og politiske aktørar. Dette har medverka til å bygge formelle institusjonar, noko som er bra, men ikkje nok i seg sjølv. Ein må også finne måtar å senke kostnaden for dei som vil utfordre makt når det er nødvendig. Vi kan byrje å bidra ved å både støtte konstruktive nasjonale motkrefter (uavhengig av kor truande dei er for ’våre’ interesser) og gjennom å gje merksemd og asyl til motstemmer som blir forfølgd. Dette er det naturlege neste skrittet av å forstå makt i mange av våre samarbeidsland.

 

Mening

I det heile har vestleg bistand generelt vore meir fokusert på å samarbeide med dei som sit med makta enn den har vore på å støtte motkrefter i form av både sivile og politiske aktørar.

Svein Erik Helle
Publisert: 23.11.2017 11.02.59 Sist oppdatert: 24.11.2017 06.09.21

Du må gjerne legge inn din egen kommentar i disqus under. Alle innlegg må signeres med fullt navn. Anonyme innlegg fjernes.