Copyright © fotograf
Inga erfaring står sterkare etter tiår av evaluering av norsk utviklingssamarbeid enn at fleksibel planlegging og langsiktig engasjement er det som gir resultat. Foto: Ken Opprann

Bistanden blir ikkje overflødig

MENING: Å gjere bistanden overflødig er eit fromt mål som har vore eit grunnleggjande premiss for norsk utviklingspolitikk. Men sanninga er at det er eit heilt urealistisk mål, iallfall i dette hundreåret.

Av Asbjørn Eidhammer Sist oppdatert: 09.11.2017

Målet om å gjere bistanden overflødig blir gjentatt av stortingsrepresentant Heidi Nordby Lunde i eit innlegg i Bistandsaktuelt. Det er eit mål det er vanskeleg å seie seg usamd i. Saman med den ofte uttrykte spådommen om at bistanden blir mindre viktig og snart borte, kan det høyrast liketil ut. Men sanninga er at det er eit heilt urealistisk mål, iallfall i dette hundreåret. Det er på tide å ta inn over seg realitetane og justere både mål og praksis.

 

Bistand viktig

For kva er situasjonen og kva er utviklingutsiktene? I gruppa av om lag 50 låginntektsland utgjer bistand framleis ti prosent av bruttonasjonalproduktet. I 26 land utgjer bistand meir enn tretti prosent av statsbudsjettet. I desse landa er 62 prosent av den eksterne finansieringa bistand. Trass i kraftig økonomisk vekst i Afrika, har talet på fattige ikkje gått ned dei siste 25 åra.

Den respekterte sørafrikanske forskaren og  tryggingseksperten Jakkie Cilliers har i ei ny bok sett opp tre nøkterne scenaria for Sør-Afrikas framtid. I det mest optimistiske scenariumet (som han kallar Mandela Magic) vil det framleis vere 11,2 millionar ekstremt fattige i Sør-Afrika i 2034, ein liten oppgang frå i dag. Etiopia, som dei siste åra har hatt ein av dei høgaste økonomiske vekstratane i verda, vil ha 15 millionar ekstremt fattige i 2030, om ein baserer seg på dagens utvikling. Og om trendane held fram, vil framleis 365 millionar afrikanarar vere utan trygt drikkevatn i 2030, medan 755 millionar ikkje vil ha tilgang til sanitæranlegg i nokon form. Det er omtrent som i dag.

Eg er klar over at finansstraumane til utviklingsland har endra seg kraftig, og at bistandens pengemessige rolle er sterkt redusert i mange land. Dessutan har eigne skatteinntekter i fattige land dobla seg sidan 2000, medan bistanden, som i 2000 var om lag lik stor som skatteinntektene, har stått omtrent stille i realverdi. Men for å nå berekraftsmåla – blant anna skal all ekstrem fattigdom utryddast innan 2030 – må det heilt andre ressursar til enn vi har sett til nå.

 

Ekstra finansiering

Ifølgje ein studie av Development Finance International og OXFAM vil berekraftsmåla krevje 1,5 billion dollar i ekstra finansiering i året. Heller ikkje mange av dei nye mellominntektslanda vil klare å nå berekraftsmåla utan omfattande støtte utanfrå. Økonomane Salvado og Walz seier at land som Ghana, Senegal og Zambia må ha ein marginalskatt på 100 prosent eller høgare om landa sjølve skal finansiere den innsatsen som må til. Det er muleg å nå somme mål ved hjelp av eigne ressursar. Men dersom for eksempel Afrika sjølv skulle finansiere tilgang til reint vatn og sanitæranlegg til alle, ville det måtte  bety ein kraftig reduksjon i annan infrastrukturutbygging, inkludert investering i utdanning og helsetenester.

Det kjem til å gå framover i Afrika. Men det vil fortsetje å skje i rykk og napp, somme land klarer å ta snarvegar, andre kjem til å gå lange omvegar. Det vil komme tilbakeslag og meir uro, og klimaendringane har alt gjort sitt for å dempe veksten i matproduksjon. Afrika har ikkje klart å bruke den digitale revolusjonen til å hoppe bukk over nødvendige steg i utviklinga, slik vi håpa på. Tvert imot sakkar kontinentet etter, sjølv om digitaliseringa ennå kan gi store gevinstar om ho blir brukt godt.

 

Behov for bistand

Vi kjem ikkje til å nå berekraftsmåla i dei fleste låginntektsland, og heller ikkje i mange av dei andre. Sjølv med kraftig auke i kommersielle investeringar og bistand er ikkje det muleg. Alt tyder på at dei fleste afrikanske land vil slite med fattigdom og arbeidsløyse i fleire generasjonar ennå. Så lenge dei gjer det, vil det vere behov for bistand frå verdssamfunnet. Den bistanden vil, håpar eg, endre seg, bli meir ein rett enn ei gåve, og bli forvalta meir likestilt og rasjonelt enn i dag. Men han vil også bli mykje meir mangfaldig, og engasjere institusjonar, grupper og folk som i dag berre spelar ei perifer rolle.

Å setje høge mål er ikkje eit problem i seg sjølv, og vi må halde fast på 2030-måla. Problemet oppstår når utviklingssamarbeidet blir planlagt og utført som om målet om å gjere bistand overflødig er muleg å oppnå på kortare sikt. Inga erfaring står sterkare etter tiår av evaluering av norsk utviklingssamarbeid enn at fleksibel planlegging og langsiktig engasjement er det som gir resultat. Og ingen politikk er meir skadeleg enn den som fører til stadige endringar i prioritering av organisasjonar, land og sektorar, og som fører til ny fokusering som oftast blir tredd ned over hovuda på dei vil skal samarbeide med.  Den bilaterale dialogen med samarbeidsland er nesten oppheva. Den multilaterale skjer på globalt nivå.

 

Skadelege endringar

Altfor mykje av norsk bistand blir avslutta på grunn av nye prioriteringar eller ut frå tanken om at nå har vi vore inne lenge nok, nå må nasjonale og lokale krefter ta over. I somme tilfelle vil aktivitetane halde fram utan finansiering utanfrå, i mange tilfelle, kanskje dei fleste, kjem andre givarar inn med nye retningslinjer og ny måte å arbeide på. I mange tilfelle blir det ikkje noko framhald.  Stadige endringar i innhald og innretting er skadeleg. Som vi kunne lese i Bistandsaktuelt 27.10 har Norsk Luthersk Misjonssamband bidratt til ein kraftig reduksjon av mødredød i Sør-Omo i Etiopia. Nå er det lokale helsepersonellet – med rette, vil eg tru – engstelege for kva som skjer når NLM trekkjer seg ut av området om to år.

Ujamn og skiftande finansiering påverkar også den multilaterale bistanden og dei globale fonda, særleg når den multilaterale bistanden blir øyremerkt, som den i aukande grad blir i dei norske bidraga.

Regjeringa skryter av å nesten ha halvert talet på avtalar i utviklingssamarbeidet. Kanskje har gode og oppfinnsame forvaltarar klart å gjere det meste av dette utan å hindre at altfor mange gode tiltak er avslutta, men eg tvilar på det.  Det vil vere interessant om to-tre år å få ei evaluering av kva som har skjedd med alle dei prosjekta som er avslutta. Ei god anledning til å hauste erfaringar vil vi også kunne få for eksempel i Zambia fem eller ti år etter at Norge har trekt seg ut, der ein let etter seg spørsmål om kva som nå vil skje med aktivitetane som Norge har støtta.

Meld deg på Bistandsaktuelts nyhetsbrev. Hold deg orientert om det som skjer innen bistand og utviklingspolitikk.
Publisert: 08.11.2017 09:37:17 Sist oppdatert: 09.11.2017 06:57:34

Du må gjerne legge inn din egen kommentar i disqus under. Alle innlegg må signeres med fullt navn. Anonyme innlegg fjernes.